Støylehommen 4. juni 2022. Foto: Geir Daasvatn

Støylen Camping – Ose

Campingplassen ligg naturskjønt til ved Åraksfjorden, rett sør for Ose.

Her er plass til både bubilar, campingvogner og telt. Staden har sanitæranlegg med dusj, WC, vaskemaskin og nokre enkle kjøkkenfasilitetar. Det er også stramuttak ved sanitæranlegget.

Utsikten utover fjorden og sørover mot Åraksbø på andre sida er fantastisk. Ein sommarmorgon her, med blikk stille fjord, er noko av det finaste Setesdal har å by på av synsinntrykk.

Her er fine badeplassar, og mogelegheitar for å fiske. Du kan leige båtar og kanoar. Det er sal av fiskekort.

På Ose er det eit yrande liv om sommaren, med Ose Matmarknad som eit høgdepunkt. Då kan du også vere heldig og få sjå den nostalgiske, vedfyrte dampbåten Bjoren kome tøffande forbi.

Sesongen varer frå påske til september/oktober.

Kart

Sjå også

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Støylen Camping ein vakker haustdag. Foto.
Støylen Camping ein vakker haustdag. Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Bykle Hotell