Av Geir Daasvatn

© 2022-2024

Av Geir Daasvatn

© 2022-2024

Boklansering med Vidar Lande på Syrtveit Gard!

EIn strålande opplagt VIdar Lande under boklanseringa på Syrtveit Gard 17. desember 2024. Foto.

Tysdag kveld blei den nye boka til Vidar Lande lansert på Syrtveit Gard. Ho har tittelen «Mellom aust og vest. Folkemusikk i Evje og Hornnes». Den flotte konferansesalen på Syrtveit Gard var fullpakka av spente folk. Harald B. Knutsen frå Agder Folkemusikkarkiv var her, og festa den fine kulturkvelden til filmen for ettertida. Kari Stulien […]

Det begynner å ligne et liv

Soloppgangen sett frå Kleveknutten på Hannås. Tåka ligg tjukt over Otra, men oppforbi fantastisk morgon. Foto.

«Det begynner å ligne et liv det her –Det begynner å ligne en bønn» Av Øystein Moi I det stille, tagale, morgonljoset – når sola varsamt kravlar seg øve horisonten, det erdå eg finn att meg sjølve i ein tilstand av undring.Varme frå leirbålet. Ferskbrygga kaffe på termosflaska – og ein smeltamjølkesjokolade i baklomma på […]

Jol i Setesdal er i handelen!

2024-utgåva av Jol i Setesdal er endeleg å få tak i! Eit innhaldsrikt og spennande hefte denne gong, pakka inne i det nydelegaste omslag. Eg har bare skumlese og kikka raskt gjennom bladet, og lese litt nøyare i eit par av stykka. Nå gledar eg meg til å gå djupare inn i innhaldet. For dette […]

Arnstein 2024 i handelen!

Rygg i Flatebygd ved solnedgang. Foto.

Arnstein, årsskriftet til Evje og Hornnes Sogelag, er nå å få kjøpt på Norli Evje og hos Eva Haugen Sørgaard i Sogelaget. Innhaldet er verkeleg spennande og intressant, om du er litt oppteken av den lokale historia. Selmer Barth Larsen Me får høyre om Selmer Barth Larsen, som var fødd i Kristiansand men arbeidde som […]

Storverk om Austad sokn

Vilborg Stubseid Hovet under lanseringa av boka på jolemarknaden på Ose laurdag 30. november 2024. Foto

Vilborg Stubseid Hovet har skrive ei historiebok om Austad sokn som er like spennande som ein kriminalroman! Ein historisk stad. Liv og lagnad i Austad sokn, er boka kalla. Les meir om Vilborg Stubseid Hovet på Setesdalswiki Kyrkjene og den utskorne Austadportalen finst ikkje meir, seier Vilborg i føreordet. Ho held fram: Men sogene er […]

Talde 14.423 fyrstikkesker for Einar!

Elevane i 4. klasse jobba veldig konsentrert med oppgåva, og kunne verkeleg juble då byggverket med 5.000 fyrstikkeskar var fullført! Bak t.v. kontaktlærar Linda Vågsdalen. I midten framme ordførar Morten Haraldstad. Foto.

Elevane på Hornnes barneskule utførte litt av ei bragd, då dei tysdag brukte fleire skuletimar på å telle opp fyrstikkeskesamlinga til Einar Uleberg. Einar har som mål å få samlinga registrert i Guiness Rekordbok. Det blei ein veldig annsleis og uventa skuledag for elevane i 3. klasse, 4. klasse og 5. klasse. Einar dukka etter […]

Byglandsfjords historie – Del 4

Reidar TVeito på Smiesvingstien på Byglandsfjord. Portrettfoto.

Historieforteljaren Reidar Tveito er ute med del 4 i Byglandsfjords historie. Her freistar han å få fram dei daglege mindre hendingane som syner liv og røre i bygda i åra 1911–1916. Det klarar han veldig godt! Han hentar mykje av stoffet frå Fædrelandsvennen, Setesdølen og Agderposten. Så nyttar han rikeleg med bilete, eigne og andre […]

Otra Tur og Løypeservice med 20-årsjubileum!

Scott Kjetså (t.v.), Trygve Jokelid og Geir Magne Feed er dei tre som har ansvaret for løypekøyringa i dag. Foto.

Otra Tur og Løypeservice driv det svære løypenettet på Høgås i Evje på vegne av Otra IL. Dei involverte feira 20-årsjubileet med mimrekveld og blautkake på Otrahuset tysdag kveld. Det var ikkje tilfeldig at 12. november var vald til feiringa. Det var nøyaktig 20 år etter skipingsdatoen 12. november 2004. Til stades var nåverande styremedlemer […]

125-årsjubileum for Saniteten: Gratulerer med dagen!

Ein gledesstrålande leiar i Sanitetsforeninga, May Brit Stenjor, takkar ordørar Morten Haraldstad for dei fine orda og raus gåve. Foto.

Ordførar Morten Haraldstad helsa frå kommunen, då Evje og Hornnes Sanitetsforening feira 125-årsdagen på Dølen Hotel på Evje laurdag. Her er heile den fine helsinga til Morten: Kjære alle i Evje og Hornnes Sanitetsforening! Gratulerer med dagen og tusen takk for invitasjonen og for å få moglegheita til å seie nokre ord på denne dagen […]

Øystein Moi si bok endeleg ute!

Øystein signerer bøker under boksleppet på Dølen Hotel 2. november 2024. Foto.

Laurdag var det bokslepp på Dølen Hotel på Evje. Øystein Moi er endeleg ute med den etterlengta «Moi møter mennesker». Det er ei portrettbok der lesaren får møte meir enn 100 ulike personar Øystein har truffe på reise rundt om på store delar av Agder. Dei fleste stykka er tidlegare publiserte i Fædrelandsvennen, der Øystein hadde […]

Parsellhage i Evje og Hornnes – spennande nytt prosjekt!

Rigmor Flåt og Nils Gjermund Østerhus med parsellhagen bak seg. Foto.

Rigmor Flaat i Setesdal Hagelag og gardbrukar Nils Gjermund Østerhus m.fl. går i bresjen for å få til ein parsellhage ved Evje og Hornnes museum på Fennefoss. Prosjektet er ei vidareføring av ein idé som først blei teken opp av Evje og Hornnes Høgre i deira partiprogram for inneverande valperiode. Både Setesdalsmuseet som driftar museet […]

Kjempestart for første Rosa sløyfe-løpet i Bygland!

Starten er just gått for det aller første Rosa sløyfe-løpet i Bygland 19. august 2024. Foto

Meir enn 80 menneske, kvinner og menn, jenter og gutar, var med då det aller første Rosa sløyfe-løpet blei arrangert i Bygland sentrum laurdag 19. oktober. Rosa sløyfe-løpet ønsker å skape auka merksemd rundt brystkreftsaka. Anten du går eller spring, er du med og støttar ei god sak. Rosa sløyfe-løpet er ei unik oppleving der […]

Gravfelt avdekka i hogst- område på Træletveit!

Gravfeltet på Træletveit 17. oktober 2024. Foto

I eit hogstfelt på Træletveit i Åraksbø er det avdekka eit gravfelt med sju gravhaugar. Gravfeltet er registrert som eit nytt automatisk freda kulturminne. AT Skog hadde ei skogsdrift på Træletveit i Åraksbø i haust. Staden ligg om lag to kilometer nord-aust for bygda. Pål Moi køyrde hogstmaskinen. Under arbeidet blei dei merksame på nokre […]

Endeleg er boka til Kristina Merete her: «Lyst på livet»!

Kristina Merete. Foto:

Torsdag kveld blei Kristina Merete si sjølvutviklingsbok innan seksuell helse, «Lyst på livet», lansert på Dølen Hotel på Evje. Kristina Merete sitt fulle namn er Kristina Merete Støvik, men i boka omtalar ho seg bare med førenamnet. Salen på Dølen var smekkfull av spente tilhøyrarar, kanskje rundt 60 i talet. Det var ei overvekt av […]

«Gå derfor ut og gjør alle folkeslag til mine disipler»

Vennskap. Statue. Foto.

Nå kan eg ikkje slå i bordet med at eg gjennom denne lange ogkronglute livsvegen har vore nokon trugen og ihuga lesar av Bibelen. Tekst: Øystein Moi Ikkje har eg trødd ned dørsvillene på korkje bedehus eller kyrkjebygg – men eg vil likevel halde fram med at barnetrua allstøtt har vore ei god rettesnor i […]

120 ungdomar på datatreff i Otrahallen i helga!

Lan-party i Otrahallen laurdag kveld 5. oktober 2024. Oversiktsfoto.

Den frivillige organisasjonen LAN-E i Evje og Hornnes har 10-årsjubilum i 2024. Det blei feira med eit rekordstort LAN-arrangement i Otrahallen i helga. Sjølv veit eg ikke så mykje om kva LAN er for noko. «Datatreff» gir litt meir meining, men forklarer heller ikkje all verden. Det gjeld sikkert fleire av lesarane. Ei kort innleiing […]

Ordføraren si helsing til Frivilligsentralen

Ordførar Morten Haraldstad hlsar til FRivilligsentralen under jubileumsfesten 26. september 2024. Foto.

Ordførar Morten Haraldstad helsa frå Evje og Hornnes kommune og overrekte blomar, då Evje og Hornnes Frivilligsentral feira 25-årsjubileet sitt på Evjemoen Kino 26. september. Her er den fine helsinga slik at også du som ikke var på festen kan lese. «Først vil eg begynne med å gratulere så mykje med jubileet. Eit kvart århundre […]

Gild jubileumsfest for Frivilligsentralen!

Anne-Marie Birkeland opna festkvelden frå talarstolen. Foto:

Evje og Hornnes Frivilligsentral feira 25-årsjubileum på Evjemoen Kino & Scene torsdag kveld 26. september. Trubadurane Oddvar og Øyvind Omnes – far og son – song i gang festen med Kris Kristoffersen sin udødelege «Me and Bobby McGee». Elin Solheim, ny styreleiar i Frivilligsentralen frå 2024, ønska alle hjarteleg velkomen. Kinosalen var pent sett i […]

Nokre tankar frå Roterjoet ved Hartevatn

Soloppgang ved Roterjoet tidleg om morgonen 27. september 2024. Foto.

Eg las for ei tid sidan litt om den store sogemannen og kvedaren Svein Knutsson Hovden (f. 1841, d. 1924). Han var fødd på støylen Roterjoet ved Hartevatn. Eg fann dette i boka som Kirsten Bråten Berg og Leonhard Jansen har skrive om han og det han samla av forteljingar og songar (utgjeve 1991). I boka står det altså […]

Fekk meg ein støkk i Bykle!

Alligatoren ved Sarvsjuvet 31. august 2024. Ei gamal trestamme med alligatorform.

Eg blei så utruleg skremt av ein alligator då eg var i Bykle sist veke! Det er ikke så ofte eg kjem meg heilt til Bykle. Bensinprisen er skyhøg, auka renteutgifter gjer store innhogg i privatøkonomien og straumprisen er framleis alt for høg. Men når eg først kjem meg avgarde, er det veldig moro i […]

Evje og Hornnes Sanitetsforening med 125-årsjubileum!

Medlemer i Evje og Hornnes Sanitetsforening synne og leverte smittefrakkar til Evjeheimen under koronapandemien. Foto.

Sanitetsforeninga fyller 125 år i 2024. Det vil laget feire med stor jubileumsfest på Dølen Hotel på Evje laurdag 9. november! Evje og Hornnes Sanitetsforening er ei lokalforening tilslutta Norske Kvinners Sanitetforening. Foreninga er ei samanslåing av Evje Sanitetsforening og Hornnes Sanitetslag, som blei vedteke under eit felles årsmøte våren 2015. Leiar i 2024 er May Britt Stenjor. Kva […]

Teatervandring i Bygland: Vakkert, intenst, absurd!

De fire jentene i Bevegelsesteaterkompaniet avslutter forestillingen i vannet nede ved Byglandsforden. Foto.

Det var ei mest overveldande teatervandring me fekk oppleve på Bygland torsdag 8. august 2024. Tre ulike teatergrupper har vore på Teaterkoloni på Stoga kulturkafé på Bygland denne veka, og arbeidd med ulike sceniske prosjekt. Torsdag kveld 8. august var tida komen for å syne resultatet så langt. Etter ein kort introduksjon ved Olav Grendstad, […]

Gardsmuseet i Lidi

Frå gardsmuseet i Lidi. Innandørs. Foto.

Sigmund Lidi har overteke det tidlegare bedehuset i Lidi. Her har han laga istand eit lite, men veldig spennande privat gardsmuseum. Det er alltid opent! Sigmund har synt meg rundt i museet. For ein lokalhistorisk kulturskatt – ja eit klenodium – han har skapt! Eg blei reint overrumpla av alt han hadde fått plass til […]

Runebergmoen – Senum

Senum med den flate Runebergmoen midt i biletet, 2010. Foto.

Runebergmoen er eit stille skogsområde på Senum heilt nord-vest i Evje og Hornnes. Her kan du i fred og ro vandre rundt på mjuke gamle stiar, medan du bare lar tankane flyge dit dei vil. Frå 1884 var bygdeveg gjennom Senum opp til Bø, over kommunegrensa til Bygland. Folk som gjekk til fots nytta likevel helst den breie stien […]

Aasmund O. Kjetså – barneven, eldsjel og idrettsutøvar

Asmund O. Kjetså med den vesle guten Geir Kjetsaa i kajakk på Voilan 1944. Foto.

Eg har skrive ei lita bok om Aasmund O. Kjetså (1915–1947). Han var eit godt menneske. Han utretta mykje på den korte livsvegen han fekk. Boka, eller snarare heftet, har svært mange bilete frå den tida Aasmund levde. Dei kjem frå Alf Georg Kjetså si unike biletsamling. Eg er Alf Georg stor takk skuldig. Barndom […]

Happy Hundesenter – draumen blei oppfylt!

Bodil Fisher Breidablik og John Skjørestad på tunet utenfor Happy HUndesenter. Foto.

Bodil Fischer Breidablik og John Skjørestad hadde ein draum om å skape eit unikt hundesenter i Norge. Det har dei verkeleg fått til! I august kan du følge dei i fleire episodar av «Fra bølle til bestevenn» på NRK TV. Happy Hundesenter ligg på Tønnesland sør-vest i Evje og Hornnes, på veg vestover frå Riksveg […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.