Auglandskleiva bru 7. september 2019. Foto: Geir Daasvatn

Auglandskleiva bru – Torridal

Brua er ei steinkvelvbru på den gamle setesdalsvegen på Augland i Torridal i Kristiansand.

Auglandskleiva bru er 6 m lang og 3,5 m brei. Lysopning 3,5 m. Kara kviler på ein tømmerflåte. Setesdalsvegen blei bygd i 1794 på strekninga fra Øvre Strai til Mosby, først med ei trebru. Det var lenge tvil om når steinkvelvbrua var bygd. Men C14-datering av tømmerflåten har seinare synt at ho blei bygd i 1835.

Denne delen av Setesdalsvegen gjekk ut av bruk i 1861, då vegen blei lagt om.

Restaurert i 2005

I 2005 blei brua restaurert, då det hadde begynt å rase ned steinar frå kvelvet. Torridal Historielag hadde initiativet, og Eystein Greibrokk stod for arbeidet.

Kjelder

Sjå også

Fleire kulturminne

Åknes kapell
Smia på Koland
Skjoldmøypila på Hedde
Verksmuren – Setesdalens Koparverk
I fotspora til setesdølane – Lintjønnkleiva i Øvrebø
Banken i Bakken, Harstad – Valle
Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv
Byklarloftet – Fennefoss
Riksveg 400 forbi Kalveskinnsuppsa
Galtelandskanalen, eit minne frå krigen
Sordal nordre gravfelt med Haugeteddan
Homme skulehus – Valle

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.