Den gamle steinkvelvbrua over Auvervassåi 28. september 2019. Foto: Geir Daasvatn

Auvervassåi gamle bru – Bykle

Auvervassåi gamle bru er ei vakker steinkvelvbru på «gamlevegen» mellom Bykle kyrkjebygd og Hovden.

Brua er bygd i 1911 i følge opplysningar på Kulturminnesok.no. Først inngjekk ho i den halvannan meter breie planerte ridevegen som vart grovt ferdig i 1905 og avlevert i 1915. Så inngjekk brua i den endelege køyrevegen som vart grovt ferdig akkurat her rundt 1930 og avlevert i 1935.

På austsida av brua (som vender bort frå Riksveg 9) er det støypt på brua ein betongkvelving. Ho har såleis truleg blitt reparert og forsterka ein gong for lenge sidan.

«Pensjonert» i 1968

Brua var i bruk til 1968. Då blei hovudvegen forbi staden lagt om. I dag er det faktisk endå ein heilt ny veg frå Badstogdalen nordover til Hartevatn. Han blei opna hausten 2022. Men du kan ta ein avstikkar frå nyvegen inn på ei lita sløyfe av gamlevegen her, og beundre den nydelege, gamle brua. Det er ein framifrå stad for ein liten kaffipause. Det er rasteplass her, fint rigga til med benkar og bord og forseggjort søppelkasse.

Brua med den enkle, men kjekke rasteplassen over på andre sida. Foto: Geir Daasvatn

Kjelder

Sjå også

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Espelidburet – Åseral
Kallefossbrua – Valle
Gravrøysa på Kyrkjedekkan
Bygland brygge
Riksveg 400 – Kvernhusmyra sør for Ærekilen
Syrtveitsfossen – flotingsmurar
Den gamle byvegen over vestheia i Iveland
Straumen – husmannsplassen til ferjemannen
Skollhaugan gravfelt – Skreros
Hauganloftet
Hengebrua over Otra på Ørnefjell
Stampen i Homsåne

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.