Bjoren ved dampskipsbrygga på Byglandsfjord ein disig mai-morgon i 2017. Foto: Geir Daasvatn

Byglandsfjord dampskipsbrygge

Dampskipsbrygga er der den vedfyrte dampbåten Bjoren ligg når han er i trafikk med utgangspunkt frå Byglandsfjord.

Brygga ligg rett nedanfor Breidablikk, ved Strandgata, heilt i sentrum av Byglandsfjord.

Historie

Bjoren gjekk i trafikk på Kilefjorden frå 1867. Etter at Setesdalsbanen opna i 1896, blei Bjoren flytta opp i Byglandsfjorden. Der var systerskipet Dølen i sving frå før. Handelsmannen Olaf G. Abusdal bygde Hotellbrygga nedanfor Breidablik Hotel i 1898–1899. Samstundes bygde han smie og eit lite varehus. Brygga blei leigd ut til dampskipsselskapet for fem kroner året.

Brygga er eit verdifullt, teknisk kulturminne etter dampskipsferdsla på Byglandsfjorden.

Kjelder

Fleire kulturminne

Byklarloftet – Fennefoss
Postvegen – Flåstrondi
Verksmuren – Setesdalens Koparverk
Loftet på Nomeland Der oppe
Telefonlinja Hovden–Bjåen
Postvegen Kristiansand–Bykle
Høybua på Skarsmo
Landeeika gjennom nok eit år!
Banken i Bakken, Harstad – Valle
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Trydalstoga – Kristiansand museum
Heddisloptet

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.