Litt mystisk ligg han der, den gamle vegen under Hågås. Foto: Geir Daasvatn

Dalevegen – Hågås på Bjørnarå

På sørsida av Hågås på Bjørnarå er det tydelege spor etter den gamle Dalevegen, ridevegen mellom Bykle og Valle før det kom køyreveg på 1870-talet.

Dei som budde ovanfor Byklestigen tok gjerne vegen over heia frå Rygnestad til Stavenes. Dei kunne òg følge elva forbi Byklestigen. Men den vegen var det vanskeleg å frakte noko med seg.

Sør for Byklestigen, frå Trydal nedover til Valle, gjekk det ein brukbar rideveg. «Rideveg» tyder då ein veg for gåande og kløvhestar, og hest med slede om det var mogeleg. Mange av spora etter ridevegen er borte i dag, fordi den seinare køyrevegen (Postvegen) mykje blei bygd som ei utbetring av han.

Ved Hågås på Bjørnarå blei Postvegen lagt på nordsida av åsen. Ridevegen gjekk på sørsida. Her er spora etter vegen såleis ikkje «utsletta» av den nyare vegen.

Hågås–Bjørnarå på Norgeskart.no (raud, stipla linje sør for åsen syner om lag kor ridevegen gjekk)

Stykket held fram under biletet

Her, rett under Hågås, som stig opp til høgre, må den gamle vegen etter alt å døme ha gått. Foto: Geir Daasvatn

For ei utvikling!

Eg tusla gjennom skogen under Hågås for ei tid sidan, på leiting etter merke etter ridevegen. For det hadde eg lese i den framifrå boka om Postvegen og Riksveg 9 at det skulle vere. Då det gamle vegfaret dukka opp framfor meg blei eg mest litt nostalgisk til sinns. Tenk, dette var ein gong ein del av «hovudvegen» i dalføret! Det er ei enorm utvikling som har skjedd i samfunnet vårt, når me samanliknar den gamle ridevegen som var i bruk til 1870-talet med den nye vegstrekninga på Riksveg 9 rett ovanfor, bygd av Hovden Hytteservice rett før 2020.

Aust og vest for Hågås gjekk ridevegen i om lag same spor som køyrevegen som kom forbi her rundt 1873. Dei strekningane vil eg difor skrive meir om i eigne stykke.

Kjelder

Fleire kulturminne

Postvegen – Bjørnarå
Postvegen – Båsbrokka i Bykle
Postvegen – Hoslemo
Frøyrak gamle brygge
Det første kraftverket på Hovden
Postvegen – Bakken
Postvegen – Heddessteinen
Riksveg 400 – Kvernhusmyra sør for Ærekilen
Postvegen – Moen gamle bru
Postvegen – Hestevelt til Kroni
Setesdalsbanen – Homevassevja
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand