Dammen i Nordåna. Foto: Geir Daasvatn (2014)

Dammen i Nordåna – Grendi

I Nordåna i Grendi er det ein forseggjort dam av tilhogde stein frå tida då Landeskogen var tuberkulosesanatorium.

Planar om kraftstasjon i Grendi

Då planlegginga av sanatoriet tok til var tanken å bygge kraftverk i Nordåna. Staten kjøpte difor vassrettane i elva, både fallrettane og rett til vatn til bruk på Landeskogen.

Planen om kraftverk i Grendi blei av ulike grunnar lagt bort. I staden blei kraftstasjonen bygd på Longerak.

Vassinntak for Landeskogen

Men for å utnytte retten til vatn til Landeskogen blei det bygd ein dam for vassinntak. I samband med dammen var det eit renseanlegg, ein kum fylt med knust marmor.

Stykket held fram under biletet

Dammen 6. mai 2025 med gangbru over elva i framgrunnen. Foto.
Dammen 6. mai 2025. Om du går over brua og følger stigen vidare kjem du til Hovstad. Foto: Geir Daasvatn

På 1980-talet fekk Bygland kommune lov til å bruke inntaket til vassforsyning til delar av Grendi. I dag kjem vassforsyninga i bygda frå kommunalt anlegg på Byglandsfjord.

Eg er ikkje særleg godt kjend i Grendi og har lurt på kva slags funksjon den dammen har hatt. I 2026-utgåva av Setesdal og setesdølar, det eminente årsskriftet til Setesdal sogelag, er det eit veldig fint stykke kalla Forglemmegei – vandring langs Nordåna i Grendi. Der gjer Eystein Greibrokk grundig greie for utnyttinga av vassrettane i Nordåna og mykje meir. Det er der eg har funne opplysningane til stykket her. Så nå lurar eg litt mindre!

Triveleg spasertur gjennom skogen!

Om du vil sjå den flotte steindammen går det ein idyllisk skogsstig oppover langs nordsida av Nordåna. Du kan starte turen frå det gamle skulehuset i Grendi. Der er det grei parkeringsplass. Så går du berre dei få meterane bortover til der skogsstigen tek til. Han er merka som turløype og er ein del av helselaget sitt turløypenett i Grendi. På Norgeskart.no er han teikna som ei kvit, stipla line. Vegen skal vere bygd i samband med dei kraftverksplanane som ikkje blei noko av. Etter eit godt stykke gjennom skogen kjem du ut på grusvegen som går vidare opp til dammen. På kartet er staden rett og slett kalla «Dammen», så det er praktisk talt umogeleg å gå feil.

Du kan kombinere turen med ein avstikkar bort til Utsikten, som det også går fine turstigar fram til. Der ligg Bygland kommune si dagsturhytte. 30. mai 2026 opnar også det spennande Landeskogen Kunstsanatorium dørene. Då blir det ein naturleg stoppestad.

Vårkveld langs Nordåna. Turvegen oppover mot dammen til venstre. Foto.
Vårkveld langs Nordåna. Turvegen oppover mot dammen går i skogen til venstre. Foto: Geir Daasvatn (2021)

Kjelde

  • Eystein Greibrokk, Forglemmegei – vandring langs Nordåna i Grendi, stykke i årsskriftet Setesdal og setesdølar 2026, utgjeve av Setesdal sogelag, s. 104–111

Fleire kulturminne

Gjerden – Bykle
Heddistoga – Rysstad
Straumsfjordstemmen
Kjetsåbrua – Hornnes
Postvegen – Moen gamle bru
Stampen i Homsåne
I fotspora til setesdølane: Berge i Øvrebø
Tårnet – Longerak
Drenkadøl – Rygnestad
Krokan – ein husmannsplass i Åraksbø
Ekron – Nordre Haugetveit
Heddeviki – ein gamal husmannsplass

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.