Setesdalsvegen 1930–1992 til høgre. I skogen til venstre ser me fyllinga etter den første køyrevegen frå 1873. Foto: Geir Daasvatn

Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992

På Dåsneset nord-vest for Einang ligg ein fin, lang sving av den gamle setesdalsvegen att på vestsida av Riksveg 9.

«Like nord for Einang møtest alle generasjonar veg», er det sagt i den store boka om Postvegen og Riksveg 9. På Dåsneset, på vestsida av dagens riksveg, ligg to fine gamle vegstykke. Eg har tidlegare skrive eit lite stykke om den gamle Postvegen her, bygd i 1873. Den sløyfa ligg nærast riksvegen, litt gøymt i skogen. Bare nokre meter lenger vest, ut mot Otra, finn me den noko nyare Setesdalsvegen. Han avløyste 1873-vegen i 1930, og var i bruk heilt til 1992. Riksveg 400 heitte han til 1965, og etter det Riksveg 12.

Her finn du vegen

På austsida av Riksveg 9, nord-vest for Einang, tek turløypa opp til toppen av Einang til. Kjem du med bil, må du parkere på andre sida (vestsida) av riksvegen. Då parkerer du på den gamle Setesdalsvegen 1930–1992. Derfrå kan du følge vegen eit godt stykke, både i nord og sør, til han blir borte under Riksveg 9 igjen. På Norgeskart.no er han teikna inn med stipla linje.

1930-vegen med den kjennelege Einang i bakgrunnen. Foto.
1930-vegen med den kjennelege Einang i bakgrunnen. Foto: Geir Daasvatn

«Alle generasjonar veg»

Som sagt møtes alle generasjonar veg i dette området. Lengst vest, ut mot Otra, ligg vegstykket me talar om i stykket her. Rett innforbi ligg Postvegen 1873–1930. Endå aust for der igjen susar me forbi på Riksveg 9, bygd 1992. Innanfor (aust for) Riksveg 9, i skogen, gjekk den gamle dalevegen. Det var ride- og sledevegen som var før det kom køyreveg for hest og vogn i 1873. I skogen her finn me også att Postvegsløyfa frå 1873 og 1930-vegen som held fram i dei to sløyfene på vestsida av Riksveg 9. Alle desse ulike traseane er veldig oversiktleg teikna inn på kart bak i boka om Postvegen og Riksveg 9.

Om du tek deg litt tid er ein spasertur rundt i skogen her, på begge sider av Riksveg 9, som ei spennande kulturvandring «Paa gjengrodde stier». Rekk du ikke å sjå alt innan dagen er omme, kan du gjere som byklarane gjorde i eldre tider og overnatte under Byklehedden!

Dåsneset på Norgeskart.no

Kjelder

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle