Gravfeltet på Moi 8. juni 2024. Foto: Geir Daasvatn.

Gravfeltet på Moi – Bygland

På den lange Moisletta i Bygland, på austsida av Riksveg 9, i skiljet mellom inn- og utmarka, ligg eit gravfelt med sju rundhaugar.

Feltet er rett bak (nord for) den gamle løa på Moi bnr. 4.

Gravhaugane ligg inne i skogen rett til venstre for løa på bnr. 4. Foto: Geir Daasvatn.

Haugane er tydelege og klart markerte. Dei har diameter på ca. 9–13 meter og høgder på kring 1–1,5 meter. Dei er bygde opp av sand og jord. I dei fleste er det plyndringsgroper. Masser frå haugane skal også ha blitt brukt til vedlikehald av den gamle Postvegen, som gjekk litt nærare Otra enn dagens Riksveg 9. Feltet er truleg frå jernalderen, jf. Kulturminnesok.no.

Utgravinga i 2007

Det var ei stor, arkeologisk utgraving på Moi i 2007. Det var i samband med at Riksveg 9 blei utvida over den lange Moisletta. Det blei funne spor etter fleire bygningar, mellom anna eit svært, treskipa langhus som var del av eit større gardsanlegg. Det var i bruk frå om lag år 900 til rundt år 1300 e.Kr, frå midt i vikingtida til mellomalderen opp mot Svartedauden.

Samanheng mellom gravhaugar og busetnad

Gravhaugane på Moi er ikkje nærare undersøkte. Men i ein artikkel der arkeolog Gaute Reitan oppsummerer funna etter utgravinga i 2007, heiter det:

[…] men det er åpenbart at de skal sees i relasjon til bebyggelsesspora som vi undersøkte på Moi sommeren 2007, og må være samtidige med deler av funna fra denne gravinga. I jernalderen lå ofte gravfelta i skillet mellom inn- og utmark, om lag slik de gjør på Moi den dag i dag.

Gaute Reitan, «Moi i Bygland», artikkel i Spor i Setesdalsjord, Bokbyen Forlag, 2014, s. 72–73

Stykket held fram under biletet

Det gjev ei spesiell kjensle å vandre rundt i skogen mellom dei gamle gravplassane, og tenke litt på livet dei som ligg her levde for kanskje meir enn 1000 år sidan. Foto: Geir Daasvatn.

Litt fri fantasi

Eg har ikkje arkeologisk innsikt, og skal såvisst ikkje dra forhasta konklusjonar. Men det er lov eller iallfall gøy å fantasere litt! Gravhaugane i feltet på Moi er truleg frå jernalderen. Det er dokumentert at denne heidenske gravskikken blei praktisert i Setesdal til eit stykke inn på 1000-talet. Det nemnte langhuset som stod rett i nærleiken er som sagt tidfesta til jernalderen, frå rundt år 900 og framover. Då er det vel ikkje så heilt utenkeleg at det er menneske som budde i langhuset – gardsanlegget frå vikingtida – som er gravlagde i haugane? Kanske ein gong mellom år 900 og år 1000 e.Kr.?

Det er spennande med alle dei gamle spora etter menneska før oss i Setesdalsjord!

Kjelder

Fleire kulturminne

Postvegen – Kroni til Moen
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Gamle setesdalsvegen – Moen
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Gamle setesdalsvegen – Svåa
Auglandskleiva bru – Torridal
Postvegen – Kristiansand
Postvegen – Vennesla
Postvegen Kristiansand–Bykle
Postvegen – Evje og Hornnes