Heddessteinen. Foto: Geir Daasvatn

Heddessteinen

Heddessteinen ligg like oppom Riksveg 9 på Helle.

Han er ein kjempesvær stein, stor som eit lite hus, og så stor at han har sitt eige namn, akkurat som Goddokksteinen som låg like i nærleiken. Segna fortel at dette var den eine av to steinar som Skjoldmøyane heiv etter Heilag Olav då han var i Setesdal.

Ei steinpil i vegkanten litt lenger nord på Helle skal vere minne frå same hendinga.

Landemerke

Heddessteinen låg rett ved den tidlegare riksvegen forbi Helle, og før det igjen den gamle Postvegen. Då var steinen eit kjend landemerke. Han låg klemt tett opp til vegen. Om du kom køyrane her og møtte bussen, var det bare såvidt du kom forbi, skriv Leonhard Jansen i den glimrande boka om vegar og vegminne langs Riksveg 9.

Først i 1994 blei vegen flytta på nedsida av Heddessteinen. I dag går Riksveg 9 som kjent forbi Helle på ein heilt ny trasé endå nærare Otra.

Kjelder

Steinen er også presentert under «Vekas bilete»

Fleire kulturminne

Årdal kyrkje
Dalevegen – Lauvåsheia
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend
Dalevegen – Kveste til Tveiten
Skjoldmøypila på Hedde
Skore – gamlevegen
Storrvollhuset – Frøysnes
Byglandsfjord dam – flotingsmur
I fotspora til setesdølane – Knutskleiva ved Homstean
Postvegen – Sveigefoss
Geiskelihytta – Bykle
Postvegen – Dåsneset ved Einang

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.