Heddisloptet 30. juni 2022. Foto: Geir Daasvatn

Heddisloptet

Heddisloptet er eit loft (stabbur) bygd i 1582 på Hedde i Hylestad.

Loftet blei seld ut av Setesdal tidleg på 1970-talet, og stod fram til 2021 på Snarøya i Bærum.

Eigaren hadde testamentert loftet til Riksantikvaren ved sin død. I 2021 blei bygget demontert, og frakta «heim» til Hedde.

Det er setta opp igjen på gardsbruket «Der nede» som Harald Åge Helle eig. Riksantikvaren har også overført eigedomsretten til loftet til Helle.

Torsdag 30. juni 2022 var det stor feiring på Hedde av at loftet er tilbake i Setesdal. Mellom deltakarane var assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.

Korleis ser du loftet

Heddisloptet ligg rett på oversida (vestsida) av Riksveg 9 sentralt på Hedde. Du kan mest ikkje unngå å sjå praktbygget, tett inntil det kvite våningshuset på garden.

Kjelder

  • Ole Birger Lien1500-talslopt skal tilbake til Helle!, artikkel i Setesdølen nr. 96, 2019, s. 3
  • Sigurd HaugsgjerdFeirar Heddisloptet, artikkel i Setesdølen nr. 46, 2022, s. 2

Sjå også

Heddisloptet er heime igjen, og det må feirast! Birgit Annette Helle og Tor Espen Helle slår seg laus under heimkomstfesten 30. juni 2022. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Gamle setesdalsvegen – Svåa
Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen – Evje og Hornnes
Trydalstoga – Kristiansand museum
Hylestad kyrkje
Postvegen – Nesmoen
Fennefossen – flotingsmurar
Byglandsfjord dampskipsbrygge
Buret på Kyrkjevodden
Skomedal skulehus – Bygland
I fotspora til setesdølane – Saldalskleiva på Aukland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.