Skore 6. april 2020. Foto: Geir Daasvatn

Skore i Bygland

Skore er ein fråflytta gard høgt oppe i lia aust for Ose, på austsida av Otra, nord i Bygland.

Garden grensar til Austad i nord og Åraksbø i sør. Grensa mot Åraksfjorden (Otra) i vest er ca to km.

Historie

Skore må i si tid ha gått ut frå Austad. Når dette skjedde veit me ikkje. Men garden har blitt lagt øyde i tida etter Svartedauden, etter 1350.

I nyare tid kom det folk på Skore rundt 1620. Garden blei fråflytta igjen ut på 1960-talet.

Stykket held fram under biletet

Det nydelege, gamle buret på Skore. Om du kikkar nøye etter, er det teikna inn fleire tjørekrossar over inngangsdøra. Dei skulle verne mot vonde makter! Foto: Geir Daasvatn

Skorsjentene

Dei siste som budde på garden var to jenter som blei kalla «Skorsjentene», Gro Gunnarsdotter Skore (f. 1880, d. 1966) og Gyro Gunnarsdotter Skore (f. 1889, d. 1978). Frå mor deira Gunhild (f. 1845) døydde i 1918 var dei ansvarlege for alt «kvinnfolkarbeid» på garden. Etter at far deira, Gunnar Bjørgulvson Langeid (f. 1845, d. 1929), og seinare broren Bjørgulv (d. 1930) blei borte, hadde dei også ansvaret for sjølve gardsdrifta. Dei var flittige og arbeidde mest natt og dag. Det var velstand på Skore, og jentene såg til at garden var i god stand, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt. Dei dreiv han så lenge dei kunne. Til sist kravde alderen sitt, og dei kom på Byglandsheimen.

Etter at Gro og Gyro var borte, gjekk garden tilbake til Gunhild Tvedt Skore (f. 1916, d. 1993). Ho var dotter til Sven Gunnarson Skåre, bror til Gro og Gyro. Gunhild budde i Arendal. Ho fekk gjort eit krafttak, heiter det i Bygland gard- og ætt (bind III, s. 730), då ho fekk bygd ny gardsveg til Skore. Han stod ferdig mot slutten av 1980-åra.

Etter Gunhild overtok Olav Øygarden garden. Han har storfe gåande her om sommaren, og har vølt fleire av dei gamle bygningane dei seinare åra. Både bygningane i seg sjølv, og heile garden etter mi meining, er eit sjeldant vakkert og verdfullt kulturminne i Bygland.

Kjelder

Den nydelege utsikten frå Skore mot Ose ein vakker sommardag i 2016. Landskapsfoto.
Skore ein vakker sommardag i 2016. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland