Homme skule låg i Neset på Hommehaugen, og var skule for borna frå Homme og Tveitebø i Valle i tida 1876 til 1952.
Konfirmasjonen blei innført i Noreg i 1736. Det førte med seg eit krav om undervising av dei unge. Det var bakgrunnen for at skulestellet etter kvart måtte kome inn i fastare former.
Lenge var det bare tale om «omgangsskule». Skulen flytta seg frå gard til gard. Tida med undervisning var stort sett nokre veker om vinteren. Alt i 1740 var det rett nok tankar om bygge eit skulehus i Valle. Men det blei med tanken.
Ut i 1840-åra blei det endeleg fart i planane om eit fast skulehus. Det blei bygd i Ruslehaugen rundt 1846. Det er like nord for der Valle Bygdeheim ligg i dag, etter det eg skjøner. Huset blei etter kvart også nytta som heradshus. I 1867 blei det flytta sørover til Åkre, og påbygd ein etasje som skulle vere møtestad for politikarane.
Skulehuset i Homme
På 1870-talet var det fem skulekrinsar i Valle og fem i Hylestad. Dette var det store byggetiåret for skulehus i Valle og Hylestad. Borna i Homme og Tveitebø, ein av krinsane, fekk skulehuset sitt i Neset på Hommehaugen i 1876.
Som me alle veit, og dei eldste av oss gjerne har opplevd, skjedde det utover på 1900-talet ei omfattande sentralisering av skulestellet. Frå hausten 1952 gjekk borna i Homme skulekrins på den nye sentralskulen som var bygd i Åkreneset. Det skulehuset brann ned i slutten av 1970-åra.
Skulebygningen står framleis i Neset. Du ser han om du køyrar langs Einangsvegen, den gamle Setesdalsvegen, frå Valle sentrum nordover mot Homme.
Huset er eit ganske typisk eksempel på dei enkle skulestogene som blei sett opp på den tida. Eg håpar det kan bli ståande lenge, som eit minne om skulen slik han ein gong var.
Eg går ikkje nærare inn på skulehistoria i Valle. Leonhard Jansen har skrive eit omfattande kapittel om skulen i kultursoga for Valle. Det er der eg har funne opplysningane til stykket her.
Kjelder
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, s. 427–479