Hornnes jernbanebru 19. oktober 2019. Foto: Geir Daasvatn

Hornnes jernbanebru

Hornnes jernbanebru går over Otra rett før elva renn ut i den vesle innsjøen Breiflå. Brua blei bygd i 1895–1896, før opninga av Setesdalsbanen i 1896.

Brua er 140 meter lang, og oppført i ein stålkonstruksjon som kviler på seks brukar av lokal gneis. Steinen er fint hogd til av tilreisande rallarar. Det er sagt at det mykje var svenskar. Ein steinhoggar Johanson, som også vart kalla Bergman, leia arbeidet.

Bygd om til gang- og sykkelbru av britiske soldatar

Setesdalsbanen blei lagt ned i 1962. Brua vart i 1969 bygd om til gang- og sykkelbru mellom Hornnes og Evjemoen/Bjoråvika. Eit britisk ingeniørkompani som var på besøk på Evjemoen, 29th Field Squadron RE, stod or arbeidet

I samband med hundreårsjubilèet for Setesdalsbanen i 1996 begynte Evje og Hornnes kommune å planlegge naudsynt restaurering av brua. Eit stort restaureringsarbeid blei utført i 1999. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen, fylkeskommunen, det britiske ingeniørkompaniet frå 1969 – som også nå gjorde arbeidet – og private verksemder.

Brua er eit vakkert syn! I kulturminneåret 1997 var ho kommunen sitt spesielle kulturminne. Ho er også verna i Nasjonal verneplan for kulturminne i jernbanen, og i planen gitt spesiell høg verneverdi.

Artikkelen held fram under biletet

Hornnes jernbanebru i vinterdrakt 27. desember 2009. Foto: Geir Daasvatn

Enkel å finne

Hornnes jernbanebru ligg bare ein liten spasertur unna Hornnes Camping på Hornnestangen. Frå Odden Camping på Evje er det ein sykkeltur i fredelege omgjevnader på sykkelvegen langs Evjemoensletta. Er du fotograf, eller som underteikna «bare» hobbyfotograf, er brua eit nydelig fotomotiv. Er du og kjæresten på tur saman, er det fantastisk å stå på brua og kikke oppover elva mot solnedgangen bak Hornnes kyrkje og Dåsvannsdalen. Kanskje er det staden og tida for å prøve eit aldri så lite frieri?

Kjelder 

Sjå også

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle