I Hallbakken, rett sør for Høie Fabrikker på Mosby, kan me framleis sjå spor etter den første køyrevegen nordover frå Kristiansand.
Med «køyreveg» forstår me då ein veg det var mogeleg å køyre med hest og kjerre på.
Hallbakken er staden kalla. Vegen ligg på nedsida av den svære fyllinga som Riksveg 9 ligg på, akkurat der avkøyrsla til Høie Fabrikker er. Den gamle traseen er temmeleg attgrodd. Men kikkar du etter, skjøner du fort at det har gått veg her.
Etter å ha kome opp Hallbakken, og gått gjennom der Høie Fabrikker no er, heldt gamlevegen fram vidare nordover i den meir berykta Moldkleiva.
Høie Fabrikker–Hallbakken på Norgeskart.no
Kleiva i Hallbakken blei bygd i 1829. Då hadde det vore nokre år med opphald i vegbygginga nordover frå Kristiansand. Vegen blei utvida i 1843, og var i bruk til 1867. Då blei setesdalsvegen flytta over til Tobiaskleiva, på vestsida av dagens Riksveg 9.
Stykket held fram under biletet
Slik det starta
Den første køyrevegen oppover frå byen blei bygd 1721–1728. Han gjekk bare til Klappane. 1782–1790 kom han fram til Krossen. Vegen blei forlenga til Øvre Strai i same tidsrom. Frå 1791 til 1794 blei han så bygd vidare til Mosby. Men altså først i 1829 vidare nordover. Så langt som til Valle kom det køyreveg for hest og vogn så seint som 1844–1846.
Avløyste Fjellmannsvegen
Like aust for den første kjerrevegen i Hallbakken, på andre sida av Stemmen, gjekk den gamle kløv- og ridevegen (Vestre Fjellmannsvegen). Den vegen kom naturleg nok ut av alminneleg bruk i 1829, då den nye vegen var bygd.
Kjelder
- Artikkelen om Hallbakken på Kulturminnesok.no
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen Vest-Agder, 2000, s. 182–183