Kallefoss 1 2. februar 2017. Foto: Geir Daasvatn

Kallefossbrua – Valle

Kallefossbrua går over Otra ved Kallefoss rett nord for den særmerkte Einang i Valle. Brua er eit interessant vegminne.

Det er eigentleg tale om to bruer. Otra går i eit todela løp her, og då er det bygd to bruer for å kome over.

«Kallefoss 1» er brua lengst vest. Ho er 40,5 meter lang, og er bygd i fagverk i stål.

 «Kallefoss 2» er brua nærast Riksveg 9. Ho er 29,5 meter lang, og bygd på same viset.

Kallefossbrua vart opna i 1933. Dei to bruene gjorde tilværet mykje lettare for folka på vestsida av Otra, på Løyland og Dale, som nå fekk bilveg.

Kjelder

Rett i nærleiken

Kallefossbrua nærast Riksveg 9. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Postvegen – Einang
Bakken – Bjørgum
Nyestog – Rygnestadtunet
Postvegen – Bakken
Det første kraftverket på Hovden
Langerak kraftverk
Skraddarburet – Åseral
Mølletrappa ved Fennefossen
Futevegen – Syrtveit sør
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Frøyrak gamle brygge
Buret på Kyrkjevodden

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.