Løylandsloftet på Nedre Lande 15. desember 2016. Foto: Geir Daasvatn

Løylandsloftet – Grendi

Løylandsloftet er eit loft (bur) på gardsbruket Nedre Lande i Grendi.

Loftet stod opphaveleg på gardsbruket Graver på Løyland i Valle, men blei flytta ned til Nedre Lande i 1934 av kulturberaren Jon Løyland. Han hadde kjøpt garden i 1930. I Norges Bebyggelse er byggeåret til Løylandsloftet sagt å vere 1604. Anders Dalseg ved Setesdals bygningsvernsenter opplyser på Facebook at det truleg er bygd 1582.

Eige museum

Jon Løyland samla på gamle ting, og bygde opp sitt eige museum i Løylandsloftet. Han var òg ein stor kulturformidlar. Med loftet hadde han sikra seg den formidlingsarenaen han ønskte seg. Det kom skuleklassar på besøk. Seinare kom Lande med i NAF-boka. Endå fleire kom for å høyre på det Jon hadde å fortelje, og kanskje kikke innom samlingane i loftet.

Til Setesdalsmuseet

I 1998 blei samlinga til Jon Løyland overført til Setesdalsmuseet, i form av ei stifting, og utstillinga hans vart rekonstruert der.

Sjå etter Løylandsloftet!

Når du er på tur langs Riksveg 9 og kjem til Grendi, ligg Løylandsloftet på austsida av vegen, rett sør for Årdal kyrkje. Det er ikkje opent for publikum lenger, men eit staseleg syn med ei spesiell historie!

Kjelder

  • Leonhard JansenEit møte med sogemannen Jon Løyland (1887–1975), artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 84, 2008, s. 7–26
  • Alfred Ryningen, Valle kommune VI, Gards- og ættesoge Valle, Valle kommune, 1987, s. 133
  • Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, AS Faglitteratur, 1956, s. 115
  • Artikkelen om Løylandsloftet på Setesdalswiki

Du vil kanskje også sjå

Meir om Setesdal

Annonse

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle