Nørstevoddburet 19. august 2019. Foto: Geir Daasvatn

Nørstevoddburet – Bygland

Nørstevoddburet er eit bur (loft) på gardsbruket Nørstevodd (gnr. 34 bnr. 2), bruket som ligg lengst nord på Skomedal i Bygland.

Det er eit tradisjonelt stort bur av tre, laftebygd av stort tømmer og tekt med torv. Første etasje var til mat, andre etasje til klede. I Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, vert det opplyst at byggeåret skal vere 1537. På Kulturminnesøk.no er det sagt at byggeåret er 1522.

Nørstevoddburet er breitt omtala i Arne Berg, Norske Tømmerhus frå Mellomalderen, bind V. Det er automatisk freda etter Kulturminnelova.

Gunstein Gunsteinson Skomedal (f. 1933–d. 2021) blei eigar av Nørstevodd bare 15 år gamal, i 1948.

Korleis ser du buret

Om du kjem sørfrå på Riksveg 9, ta inn på gamlevegen gjennom Skomedal. Køyr gjennom heile grenda. På den siste garden før du skal svinge ut på Rv-9 igjen, ser du det staselege buret rett på oversida av grendevegen.

Kjelder

Du vil kanskje også sjå

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Holsloftet
Haugefjellet feltspatgruve – Evje
I fotspora til setesdølane – Lintjønnkleiva i Øvrebø
Postvegen – Ose nord
Huldreheimen – Bykle
Heddessteinen
Postvegen – Hestevelt til Kroni
Bygland brygge
Sandnes skulehus
Postvegen – Nesetsvingen sør
Steinmuren ved Landeeika
Futevegen – Syrtveit sør

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.