Forbi Hoslemo i Bykle gjekk den gamle Postvegen først over den vakre Hoslemobrua og så vidare bak der Hoslemo Camping ligg no.
Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. Men viljen til å kome vidare nordover med vegen var laber. «Iallfall når det skulle løyvast over kommunebudsjettet», skriv Leonhard Jansen i praktverket Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 (s. 164).
Men i 1865 blei det endeleg vedteke å be amtet (fylket) godkjenne opparbeiding av køyreveg opp til Bykle. Arbeidet kom i gang, og i 1879 var vegen framme ved Bykle kyrkje.
Det blei så bygd rideveg med breidde to meter vidare frå Bykle kyrkje til Hoslemo som stod ferdig i 1895. Få år seinare søkte ein om utviding av ridevegen til køyreveg, altså veg for hest og kjerre. Denne utvida vegen kunne takast i bruk i 1904.
Mellom Byklestøylane og Hoslemo ligg den gamle køyrevegen for ein stor del under Riksveg 9. Men når me kjem til Hoslemo dukkar han endeleg fram igjen! Litt sør for Hoslemobekken svinga vegen seg noko mot venstre. Truleg blei den gamle Hoslemobrua bygd over bekken då.
Bak Hoslemo Camping
Etter å ha passert over brua heldt vegen fram noko vest for der Riksveg 9 går no. Om du har lyst til å ta ein kikk på han, ligg han rett bak dei kvite bygningane på Hoslemo Camping, framleis lett sjåeleg. Det er der det står Hagastøyl på kartet.
Vidare nordover er gamlevegen utbetra til det som no heiter Sagevegen. Han passerte der vegen opp til Hoslemo går i dag, og gjekk saman med noverande Riksveg 9 litt lenger oppe.
Ved Hoslemohylen stogga vegen. Der var det ferje over hylen. Vegen heldt fram på austsida av Otra opp til Berdalsbru. Denne ordninga heldt fram til 1913, då den første Berdalsbrua stod ferdig. Dermed var det slutt på ferjinga. Vegen blei då i staden lagt frå Hoslemohylen opp den bratte Hoslemokleiva og over brua.
I bruk til 1960-talet
Gamlevegen var i bruk til 1960-talet. Reidar Tveito har skrive ei innhaldsrik bok om Riksveg 9 og alle bruene langs vegen. Der står det at ny bru over Hoslemobekken kom i 1964. Då kom også køyrevegen over på austsida av campinghyttene. Den gamle køyrevegen blei såleis pensjonert akkurat då han fylte 60 år.
Ja, mellom Hoslemo og Berdalsbru er det sanneleg mykje spennande veghistorie!
Fleire stykke om Postvegen i Bykle
Kjelder
- Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 189–190 og kart nr. 29 og 30 bak i boka
- Reidar Tveito, Riksveg 9 – Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord 2014, s. 214