Dei gamle brukara ved Storebekk der Moldkleiva tek til. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Kristiansand

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei).

Dette er ei peikarside (ei lenkeside), med lenker til alle artiklane på Setesdalssida som omtaler Postvegen gjennom Kristiansand. I byen er det nok meir vanleg å tale om den gamle setesdalsvegen. Det er mest oversiktleg for meg å bruke det same navnet på heile strekninga.

Spora etter vegen i dag

Det er spora etter vegen i dag eg vil syne fram. Stykka er i grunnen ei digital biletbok.

Historia til vegen inkludert historiske bilete er glimrande fortald av Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen i Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 (Bokbyen Forlag, 2018). For Kristiansand sitt område finst det mykje godt stoff i Torfinn Normann Hageland si bok Gamle veger i Vest-Agder (Statens vegvesen Vest-Agder, 2000).

Eg har laga eit trykt hefte om Postvegen gjennom Evje og Hornnes. Det kan du få kjøpt hos meg.

Eg håpar du finn noko spennande å lese og sjå!

Postvegen

Fleire kulturminne

Postvegen – Hestevelt til Kroni
Setesdalsbanen – Homevassevja
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Postvegen – Reimarmoen
Postvegen – Kroni til Moen
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Gamle setesdalsvegen – Moen
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Gamle setesdalsvegen – Svåa
Auglandskleiva bru – Torridal