Forbi gardsbruket Lunden heilt nord i Valle gjekk den første køyrevegen bokstavleg talt under låvebrua på bruket!
Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. Men viljen til å kome vidare nordover med vegen var laber. «Iallfall når det skulle løyvast over kommunebudsjettet», skriv Leonhard Jansen i praktverket Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 (s. 164).
Men i 1865 blei det endeleg vedteke å be amtet (fylket) godkjenne opparbeiding av køyreveg opp til Bykle. Arbeidet kom i gang, og i 1879 var vegen framme ved Bykle kyrkje.
Bygd i 1873
Etter å ha kome forbi Flateland, heldt «nyvegen» fram forbi gardsbruka i Lunden. Det var rundt 1873. Lunden er den nordlegaste matrikkelgarden i Valle på austsida av Otra. «Neste» gard nordover, etter stigninga i Gylii, er Bjørnarå i Bykle.
Ved bruket Fodtveit (bnr. 3) gjekk vegen heilt inntil løeveggen. Litt lenger nord, ved bruket Lunden (bnr. 6), gjekk han rett og slett under løetrappa! Også den gamle Dalevegen (ridevegen) ser ut til å ha gått slik.
Då rutebilane begynte å kome i trafikk blei brua for låg. Dei måtte svinge ut på jordet for å kome forbi! Løetrappa blei difor flytta på nordsida, forklarar Leonhard Jansen i den nemnte boka om Postvegen og Riksveg 9 (s. 160). Det er eit herleg bilete i den same boka av vegen under brua (s. 158). I gards- og ættesoga for Valle (bind VI, s. 434) er det bilete som syner korleis vegen kom gjennom tunet, mellom stogehuset og løa.
På dette viset, gjennom tunet og heilt inntil løeveggen, gjekk vegen fram til 1958. Då blei han flytta over på vestsida av løa, og den lange sletta gjennom heile Lunden oppstod. Denne nye, men litt smale vegen var i bruk som setesdalsveg heilt til 2022. Då kom det ny veg forbi Lunden endå ein gong, endå lenger vest, ut mot Otra.
I dag er det – naturleg nok – ikkje så mykje att av vegen under låvebrua. Men like sør for husa på bnr. 6 ligg eit kjenneleg lite stykke av gamlevegen att på oppsida av 1958–vegen.
Stykket held fram under biletet
Mykje å sjå og oppleve i Lunden
Rett nord for gardsbruket Lunden kan du beundre den fine hengebrua over Otra til Røysland. Endå litt lenger nord kan du ein gong det høver svinge innom bubilcampen Sanden Såre. Grusvegen der er også ei gamal postveg-sløyfe. På andre sida av Riksveg 9 er det parkeringsplass og startpunkt for turløypa som går gjennom det mektige Veiåjuvet til den høge Gloppefossen.
Kjelder
- Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 160 og kart nr. 25 bak i boka
- Artikkelen om den gamle vegsløyfa på Kulturminnesok.no
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI, Gards- og ættesoge Valle, utgeve av Valle kommune, 1987, s. 434
- Leonhard Jansen, Livsnerva gjennom Setesdal. 100 år med L/L Setesdal Bilruter 1920–2020, utgjeve av L/L Setesdal Bilruter, 2022, s. 34