Gamle setesdalsvegen rundt Svåa 7. mai 2024. Foto: Geir Daasvatn

Gamle setesdalsvegen – Svåa

Den første køyrevegen kom rundt Svåa i Bykle i 1879.

Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. Men viljen til å kome vidare nordover med vegen var laber. «Iallfall når det skulle løyvast over kommunebudsjettet», skriv Leonhard Jansen i praktverket Frå postveg til riksveg – vegar og vegmine langs riksveg 9 (s. 164).

Men i 1865 blei det endeleg vedteke å be amtet (fylket) godkjenne opparbeiding av køyreveg opp til Bykle. Arbeidet kom i gang, og i 1879 kom vegen endeleg fram til Bykle kyrkje.

Stykket held fram under biletet

Vegen på ein svær mur ut mot Bykil. Foto.
Vegen rundt Svåa har fleire svære murar ut mot Bykil. Foto: Geir Daasvatn

Rundt Svåa

Svåa er eit fjell rett nord for Byklestigen, bare nokre få kilometer sør for Kyrkjebygda. Her, som ved Byklestigen, var det veldig vanskeleg å kome forbi. Før det kom veg måtte dei reisande ferjast frå Sanden over Bykil til Vetsto på Bykilsmoen. Ferjemannen budde i Bjones.

Køyrevegen blei lagt rundt Svåa. Han blei dels sprengt ut i fjellet og dels murt opp ut mot Bykil. Strekninga var veldig utsett for skred, både is- og steinsprang, så det var ein litt «skummel» veg.

Vegen blei seinare utvida i 1912 og 1925. Han var i bruk til 1984. Då blei riksvegen lagt tvers gjennom fjellet i tunnel. Reidar Tveito har skrive ein del om det arbeidet i den store boka si om bruer og særtrekk langs riksveg 9.

Det er framleis mogeleg å gå eller sykle rundt Svåa. Men strekninga er skilta med «Rasfare».

Krigsminne

Tyskerane hadde sterke sperrestillingar i området ved Byklestigen og Svåa under andre verdskrigen. Rett på nedsida av gamlevegen i nord, om lag ved utgangen av tunnelen, ligg til dømes ei kanonstilling.

Kjelder

Bjones og den gamle setesdalsvegen frå 1879 på utsida av Svåa 2. juli 2023. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Postvegen – Hestevelt til Kroni
Setesdalsbanen – Homevassevja
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Postvegen – Reimarmoen
Postvegen – Kroni til Moen
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Gamle setesdalsvegen – Moen
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Auglandskleiva bru – Torridal
Postvegen – Kristiansand