Det gamle skulehuset på Skomedal ligg rett på oppsida av den gamle riksvegen gjennom grenda. Det er bygd i 1888.
På første halvdel av 1800-talet var det ikkje faste skulehus, slik det blei seinare. Det var såkalla «omgangsskule», der skulen blei halden på dei ulike gardane etter tur.
Med tida steig rimelegvis krava. Omgangsskulen var upraktisk. Lokala rundt om på gardane var ofte lite høvelege. Sokneprest Reidar Bollig har skildra det slik: «Folk tok til å samanlikne og skyna at umgangsskulen berre var ei tarveleg naudhjelp.» (Byglands soge, 1939, s. 343). Faste skular blei difor oppretta. I Bygland kom den første faste skulen i Bygland kyrkjebygd i 1844.
Det første skulehuset
Skomedal saman med Sandnes og nokre periodar Frøysnes var ein skulekrins. I 1886 sendte oppsitjarane på Skomedal søknad om eit tilskot på 400 kroner til oppføring av skulehus i Skomedal krins. Skulekommisjonen tilrådde søknaden på det varmaste. Mikkel G. Skomedal og Torkel T. Skomedal fekk i oppåve å halde oppsyn med bygginga av skulehuset.
Hausten 1887 var skulehuset ferdig, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt (bind VI, s. 354). Men på Skomedal fekk dei ikkje glede seg lenge over det nye huset. Natta mellom 16. og 17. mars 1888 brann det ned. Då hadde det bare vore i bruk ein månads tid. Lærar ved skulen då var Åsulv Eivindson Lande.
Skulehus nr. 2 – som me ser langs vegen i dag
Arbeidet med å reise ei ny skulestoge kom raskt i gang. Gunnar Mikkjelson, Torkjel Torson og soknepresten blei peika ut til å stå for reising av det nye huset. 30. november 1888 var det branntakst over nybygget.
«Skomedal skule blei lagd ned etter vårsemesteret 1952. Då skulen tok til om hausten, blei elevane bussa til Bygland.» (Vollen, Bygland VI, s. 358–359).
Bruken i nyare tid
Etter at skulen var lagd ned, blei skulehuset noko brukt til samlingar av ulike slag, religiøse møte og basarar. Det ligg på grunnen til Gamlestog. Kommunen selde bygningen til grunneigaren den gong, Jakob Haugaa. Kommunen var truleg nøgde med å seie frå seg ansvaret, for dei selde bygget for 1 krone.
Eg går ikkje inn på sjølve skulehistoria. Reidar Bolling har skrive ei omfattande utgreiing i Byglands soge (1939). Den boka finn du i elektronisk form hos Nasjonalbiblioteket. Reidar Vollen har skrive eit lengre stykke om skulen under omtalen av Skomedal i Bygland gard og ætt (bind VI). Han nemner dei som var lærarar på skulen etter at han blei bygd:
Åsulv Eivindson Lande, Arne Halgjem, Eivind Eivindson Lande, Olav Vetleson Sandnes d.y., Gunnar Gunsteinson Skomedal, Tor Sandnes og Kristian Stubseid dei siste åra før skulen blei lagd ned.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, utgeve av Bygland kommune, 2009, s. 354–359
- Reidar Bolling, Skulen, kapittel i Byglands soge, 1939, s. 333–365