Tårnet på Longerak. Foto: Geir Daasvatn

Tårnet – Longerak

Langs vegen oppover mot Longerak kraftstasjon står dette spesielle huset. Det skal ha ei rørande historie, som Reidar Tveito har fortald i den framifrå boka si om bruer og særtrekk langs riksveg 9.

Reidar seier at han igjen har historia frå Sigrid Nersten Lunden og Magnhild Rygg.

Det hadde seg slik at Ingebjørg Langerak hadde levd under trange kår. Ho hadde eit sterkt ønske om å ein gong kunne få sitt eige vesle hus.

Tysk kontrolltårn

Under krigen hadde tyskerane eit kontrolltårn på Longerak. Då freden kom, reiv bygdefolket ned toppen av tårnet. Den delen skal ha blitt sett opp på Rysstad igjen. Med hjelp av stokkar blei botnen av tårnet rulla opp på ein liten lastebil. Gunnar Syrtveit klarte å få bygget opp bakken mot kraftstasjonen, og setta huset på plass. Der fekk Ingebjørg endeleg sitt eige. Det blei også stelt i stand eit vedskjol, ovn og innlagt straum.

Ingebjørg skal ha levt lykkeleg i den vesle stova resten av sine dagar, og blei seinare bare kalla Ingebjørg Tårnet, skriv Reidar.

Kjelde

Sjå også

Fleire kulturminne

Bjoneskleivi – Bykle
Rygnestadtunet – det mest særmerkte i Setesdal
Røysland gravfelt i Valle
Hanehaug – Bygland
Nyestog – Rygnestadtunet
I fotspora til setesdølane: Berge i Øvrebø
Flåt nikkelgruve
Postvegen – Hestevelt til Kroni
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend
Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland
I fotspora til setesdølane – Nye Dalanevegen
Rindane på Abusland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.