Anlegg 3 ned mot elva 19. august 2025. Foto: Geir Daasvatn

Tyske forsvarsstillingar i Bjørnarådalen

Tyskarane bygde opp fleire forsvarsstillingar i Bjørnarådalen i Bykle, rundt 1,6 km aust for Bjørnarå, under andre verdskrigen.

Det kom tyske forsvarsanlegg fleire stader i Bykle. Tormod Christiansen utarbeidde i 2017, på oppdrag frå Bykle kommune, ein rapport med kartlegging av tyske festningsverk i kommunen i krigsåra. Opplysningane her er henta frå den rapporten.

Byklestigen peika seg ut – for tyskarane – som eit naturleg og sterk sperrepunkt for å stogge ein fiende på veg mot Oslo frå sørlandskysten gjennom Setesdal. Her kom difor dei største anlegga.

Bjørnarådalen

Det blei også bygd forsvarsstillingar i området rundt Listøyl oppe i Bjørnarådalen. Det er om lag der det nå er tverrslag for overføringstunnelen etter Brokke Nord-utbygginga. For oss i dag gir dette lita meining, det er langt unna hovudvegen gjennom Setesdal. Truleg har tyskarane bygd stillingane som ein del av forsvaret av den prosjekterte indre stamvegen som skulle skape ein raskare forbindelse mellom Oslo og Stavanger via Setesdal. Du kan lese noko meir om det på Setesdalswiki: Tyskarvegen på Langeid.

Det er fire kjende stillingar i området. På tyske kart er det oppført seks stillingar.

Stillingane

Anlegg 1 er ei maskingeværstilling med halvsirkulær form. Stillinga ligg på oversida av vegen gjennom Bjørnarådalen, like etter (aust for) inngangen til overføringstunnelen.

Stykket held fram under biletet

Anlegg 1 med Støylsvegen bak 19. august 2025. Foto: Geir Daasvatn

Anlegg 2 er ei sirkulær maskingeværstilling, oppmura i stein, og med ein rotunde i midten. Truleg var stillinga kombinert med standplass for bombekastar. Ho ligg nokre få meter vidare langs vegen, men på nedsida.

Stykket held fram under biletet

Anlegg 2 på nedsida av Støylsvegen 19. august 2025. Foto: Geir Daasvatn

Anlegg 3 er ei tilsvarande stilling som nr. 2. Her var det truleg også standplass for bombekastar. Stillinga ligg eit lite stykke frå anlegg 2, ned mot Bjørnaråni (Vasstøylsåni).

Stykket held fram under biletet

Anlegg 3 ned mot elva 19. august 2025. Foto: Geir Daasvatn

Anlegg 4 (anlegg 3 b i rapporten ) er truleg ein feltmessig observasjonspost. Det er bygd opp ei dekning av lause stein, men utan innslag av betong og mørtel som i dei tre andre stillingane. Stillinga skal ligge på oppsida av vegen, like før (vest for) inngangen til overføringstunnelen. Eg såg ikkje den då eg var forbi staden.

Området på Norgeskart.no

Sjå også

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Postvegen – Sanden Såre
Geiskelihytta – Bykle
Riksveg 400 – Syrtveit til Døletorv
Stigemo, Skomedal
Likkvila ved Stemmen – Jordalsvatn
Postvegen – Einang
Postvegen – Bjørnarå
Rygnestad og Flateland kulturlandskap – av nasjonal interesse!
Postvegen – Skorpetveit
Gamle setesdalsvegen – Svåa
Trøskjeskjolet – Åmland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.