Hornnes kyrkje 24. desember 2018. Foto: Geir Daasvatn

Vakre Hornnes kyrkje frå 1828

Hornnes kyrkje er ei vakker, åttekanta kyrkje frå 1828 på Hornnes i Evje og Hornnes.

Kyrkja vart vigsla av prost Paul Brodahl Larsen 22. juni 1828. Byggmeister var Leg Askildson Hallingskaar frå Laudal i Vest-Agder. Arbeidet var ikkje heilt vellukka, og tårnet var skeivt. Noko seinare vart det difor bygd nytt tårn. Dette arbeidet blei utført av Anders Torson Syrtveit («Anders kyrkjebyggar»). Kyrkja er lafta og har 300 plassar og to galleri. Ho høyrer til Evje og Hornnes sokn, som er ein del av Otredal prosti.

Utanfor kyrkja, på framsida, står Minnesteinen over dei frå Hornnes som fall i fridomskampen 1940–1945.

Kyrkja er ikke open for besøk utanom dei faste tenestene. Men ho ligg svært idyllisk plassert ved breidda av Otra, og er vel verdt å beundrast utanfrå. Det er til dømes fint med ein stopp her, om du er på sykkeltur rundt Evjemoen.

Korleis kjem du dit

Kyrkja ligg på austsida av Riksveg 9 like sør for brua i Dåsnes. Du kjem dit via Fylkesveg 3794 som tek av frå Rv-9.

Kart 

Kjelder

Fleire kulturminne

Blodsteinen – Åseral
Setesdalsbanen – Homevassevja
Høybua på Skarsmo
Stavenes kulturlandskap – Bykle
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Stigemo, Skomedal
Åraksbø kraftverk
Verksmuren – Setesdalens Koparverk
Lislestog – Bykle
Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland
Landeeika – eitt av Norges eldste tre!
Langerak kraftverk – røyrgata

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.