I fotspora til setesdølane – Myrbotnkleiva

Myrbotnkleiva var ein lang bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, rett ved Riksveg 9, mellom Vehus og Homstean i Øvrebø. Vegen i kleiva ned til Knutsmyr blei bygd i 1829–1832. I dag finn du han lett rett sør for krysset mellom Riksveg 9 og Fylkesveg 3948 (Utsognvegen) mot Stokkeland. Nokre få hundre meter […]
I fotspora til setesdølane – Knutskleiva ved Homstean

Rett sør for Homstean i Øvrebø i Vennesla, på nedsida (vestsida) av Riksveg 9, står mest heile Knutskleiva igjen etter den aller første kjerrevegen nordover frå Kristiansand. Vegen i kleiva blei bygd i 1832. Dette var lenge før Postvegen kom gjennom Setesdal. Men seinast då Postvegen var køyrbar med hest og kjerre først på 1840-talet, […]
I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland

Den gamle setesdalsvegen gjennom Hægeland gjekk forbi Hægeland kyrkje og ned Eljannskleivan før han passerte over Eldjansåna på bru. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Eldjannskleivan, blei bygd i 1835. Vegen ligg noko aust for dagens Riksveg 9. Det er lagt […]
I fotspora til setesdølane: Moldkleiv på Mosby

Den gamle setesdalsvegen gjennom Mosby gjekk rett aust for dagens Riksveg 9, gjennom der Høie Fabrikker ligg i dag, og opp den bratte Moldkleiv. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Moldkleiv, blei bygd i 1829. Då Postvegen kom vidare oppover i […]
«Setesdalsvegen» forbi Troåsen i Hægeland

Frå rundt 1835 til 1884 gjekk den første køyrbare «Setesdalsvegen» i Tromyrkleiva på Eikeland, noko vest for dagens Riksveg 9, rett sør for Hægelandskrossen. Vegen forbi Tromyrkleiva blei bygd 1829–1835 heiter det på Kulturminnesok.no, og utvida 1845–1847. Han var i bruk til 1884. Då blei det bygd ny trasé på austsida av Spelarfjellet, meir der […]
Postvegen i Hornnes

Postvegen var det ein kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal (Den Sætherdalske hovedvei). Gjennom Hornnes kom han rundt 1840. Mellom Fennefoss og Senum i Hornnes kom den aller første køyrevegen i indre Agder i 1803–1804. Me kan undrast litt. Kvifor akkurat her? Setesdølane trong å hente livsnødvendige varer som […]
Postvegen – Flåstrondi

Postvegen kom forbi Flåstrondi rundt 1844. Flåstrondi er namnet på strekninga på austsida av Flåni, frå Flåren bru til Sandnes, i Valle. Postvegen var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Vegmiljø Strekninga var ei stor utfordring for dei som bygde vegen. Det var smalt mellom vatnet og fjellveggen. Desto høgare opp i lia ein måtte bygge vegen, desto meir utsett vart […]
Postvegen Uppstad–Flårenden

Frå avkøyrsla opp til Uppstad frå Riksveg 9 til tunet i Flårenden går det ein løyndomsfull veg, eit stykke av den gamle Postvegen, skjult i skogen på oversida av riksvegen. Det er ein kort spasertur, men vel verdt ein stopp på veg oppover eller nedover i Setesdal. Postvegen var køyrande med hest og kjerre til Valle kyrkje frå hausten 1844. […]