I friluftsmuseet Lislestog i Bykle kyrkjebygd står eit gamalt kvernhus.
Kvernhuset er frå Holen ved Bossvatn i Nordbygdi i Bykle. Det går fram av registreringskortet i SEFRAK-registeret at flyttinga til Lislestog skjedde i 1969.
Nøyaktig kor kvernhusa i Holen stod veit eg ikkje. Olav G. Holen jr. skriv om eit gamalt kvernhus i Skarjesåne (Ferdavegane i Bykleområdet, 1986, s. 73). Olav M. Holen taler om eit kvernhus som stod på Øyne mellom Lyngtveit og Holen (Nordbygdi – slik ho var, 2013, s. 383). Heimen til Olav var gardsbruket Der oppe. Olav skriv i den nemnde boka om Nordbygdi (s. 422) at kvernhuset og badstoga der blei seld til ein «Oslokakse» for småpengar. I Heimar og folk i Bykle (bind III, s. 286) skriv Aanund Olsnes at Gunnar O. Byklum hadde sag og kvernhus i Skarjesåne.
Bekken mellom Lisletjønn og Floslivatnet er (på kartet) kalla Kvernebekken. Då har det nok truleg stått ei eller fleire kverner der ein gong i tida. Det kan bli ei sak for seg om eg kan finne nokre opplysningar om det einkvan stad.
Les også: Friluftsmuseet Lislestog
