Kvernhuset ved sida av Ryningsloftet i Huldreheimen i Bykle kjem frå gardsbruket Vodden Nesland i Nordbygdi.
Oslo-legen Anton Raabe (f. 1889, d. 1959) bygde opp Huldreheimen saman med kona og skodespelaren Tore Segelcke (f. 1901, d. 1979). Olav M. Holen (f. 1942) har skrive Soga om Huldreheimen. Det framifrå heftet er gjeve ut av Setesdal Sogelag i 2022. Her er skildra korleis kvernhuset på Vodden, som er tidfesta til ca. år 1700, kom til Huldreheimen. Eg tek bare med nokre stikkord.

Raabe kjøpte kvernhuset av Knut J. Nesland (f. 1885, d. 1979) i 1959. Raabe døydde seinare same året. Knut Nesland og sonen Jon flytta kverna til Huldreheimen i 1960. Det var den siste bygningen som kom på plass. Då skreiv Tore Segelcke:
– Huldreheimen er altså ferdig fra vår hånd, måtte det bli til velsignelse for oss alle…
Under andre verdskrigen mol mest alle i Nordbygdi på kverna på Vodden Nesland. Alle kvernene var plomberte av tyskerane, men dei hadde oversett denne.
Meir om Huldrehaugen på Setesdalssida
Meir om Huldreheimen hos Setesdalsmuseet
Kjelder
Olav M. Holen, Soga om Huldreheimen, utgjeve av Setesdal Sogelag, 2022, s. 25
