Frå husa på Bjørnarå og vestover forbi Hågås er det mange merke etter den første køyrevegen som blei bygd på 1870-talet.
Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. Men viljen til å kome vidare nordover med vegen var laber. «Iallfall når det skulle løyvast over kommunebudsjettet», skriv Leonhard Jansen i praktverket Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 (s. 164).
Men i 1865 blei det endeleg vedteke å be amtet (fylket) godkjenne opparbeiding av køyreveg opp til Bykle. Arbeidet kom i gang, og i 1879 var vegen framme ved Bykle kyrkje.
Bygd rundt 1873
Køyrevegen forbi Bjørnarå kom rundt 1873. Frå rett vest for gardsbruket «Der heime» (det store, kvite setesdalshuset) følgde han same trasé vidare vestover som den eldre ridevegen. Eg er «blåmann» frå Hornnes og ikke just lokalkjend i Bykle. Men er ikkje dette midt i Torjus Lunden sitt rike?
Stykket held fram under biletet
Forbi Hågås blei den nye vegen lagt nord for åsen, medan ridevegen gjekk sør for den vesle fjellknausen.
Lenger framme (lenger vest) møtte vegane kvarande igjen. Mellom buskar og kratt i myra langt under Riksveg 9 ligg store murar etter gamlevegen godt skjult. Både Postvegen og den eldre ridevegen låg i same låma rundt fjellknausen me kan sjå på venstre hand når me køyrer forbi den svære, nye fjellskjeringa på Riksveg 9 på veg nordover. Det er rett før der det går veg ned til Sessane bru. Det er bratt og høgt ned til Otra her. Eg vil tru det var ein av dei skumlare stadene å kome forbi med hest og kjerre. For ikkje å tale om med bil, då den tida kom!
Nøyaktig kor dette vegstykket gjekk, kan du sjå på kart i den nemde boka om Postvegen og Riksveg 9. Du kan òg gå inn på kartet på Kulturminnesok.no, og finne vegen der (Id 290106-0).
I bruk forbi Bjørnarå til 1930
Strekninga var i bruk som setesdalsveg til 1930, er det opplyst på Kulturminnesok.no. Då blei vegen lagt om til om lag der Riksveg 9 går i dag.
Før vegen kom så langt som til det stykket eg taler om her, altså sør for busetnaden på Bjørnarå, kom han opp Bjørnaråkleiva. Etter å ha passert Sessane gjekk han forbi Båsbrokka og vidare nordover mot Optestøyl.
Det er både gøy, spennande, interessant og lærerikt å gå i spora etter dei gamle vegane!
Kjelder
- Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 178–179 og kart nr. 26 bak i boka
- Kulturminnesok.no