Dalevegen (Fjellmannsvegen), i dag ei nydeleg turløype, nær toppen av Lauvåsheia. Foto: Geir Daasvatn

Dalevegen – Lauvåsheia

Før Postvegen si tid, før 1840-talet, fór setesdølane langs gamle gang-, kløv- og ridevegar når dei hadde ærend i Kristiansand.

Postvegen, den første ordentlege køyrevegen frå Kristiansand nordover gjennom Setesdal, stod ferdig til Valle kyrkje kring 1846. Men han var farande eit par år før, i 1844. Med «køyreveg» talar me då om ein veg det var mogeleg å køyre med hest og kjerre på.

1700-talet: Ridevegar

Frå 1700-talet begynte ferdsla i Setesdal for alvor å gå meir langsetter dalen, mot Kristiansand. Det var lastehandelen som i første rekke gjorde at setesdølane etter kvart blei mest bundne til den byen.

På den tida var det smått stell med køyreveg, er det sagt i Valle kultursoge (bind VIII, s. 290). Dei brukte føtene når dei ferdast langs vegane, kløvhest eller hest med slede om det var mogeleg. Slede blei brukt også på bar mark, men på vinterføre kunne ein få med eit større lass.

Til vanleg var setesdølane til byen i naudsynt ærend to gonger om året, etter haustonna og i mars månad. Heim var det mykje korn dei hadde med seg.

Då for dei langs småvegar og omvegar, brukte robåtar på fjordane og ferjer når dei måtte over elva, og kom seg til byen og heim igjen på det viset.

Det var ikkje bare ein veg som blei brukt, det fanst fleire alternative «dalevegar». Ein mykje brukt daleveg var Fjellmannsvegen på vestsida av Otra. Ein annan veg, som setesdølane også brukte, gjekk gjennom Evje og Iveland på austsida av elva.

Dalevegen (Fjellmannsvegen) over Lauvåsheia

Mellom Fennefoss i Hornnes og Kile i Hægeland – altså på Kilefjorden – var det vanleg å ro. Men når setesdølane skulle ha med seg krøtter eller hestar, kunne dei ikkje ro Otra. Dei gjekk då i staden over Lauvåsheia nord i Hægeland.

Frå Hægeland gjekk vegen omtrent rett nordover i heia vest for dagens Riksveg 9 til Lauvås. Den strekninga gløymer me akkurat i dette stykket. Det er strekninga vidare nordover frå Lauvås som er tema her.

Frå Lauvås gjekk stigen nordover til Storemyr. Han var hellelagt over myra. Det ser me ikkje i dag, men det er stadfesta ved stikkprøver i grunnen.

Stykket held fram under biletet

Lundeslåtta med den gamle Dalevegen til høgre i biletet. Foto.
Lundeslåtta med den gamle Dalevegen til høgre i biletet. Foto: Geir Daasvatn

Ca. 1,5 km vidare nordover kom vegen forbi Lundeslåtta. Her viser au stikkprøver at stigen var hellelagt. Herfrå stig vegen slakt oppover. Ved kommunegrena mellom Vennesla og Evje og Hornnes ligg eit brudled med 21 steinar. Herfrå hadde setesdølen på bytur eit vidt utsyn nordover mot Evje og Hornnes og Årdalsknapen i Bygland i det fjerne. Men framleis var det ein strabasiøs tur på mange mil att før han var heime i til dømes Valle.

Frå toppen av heia gjekk det ganske bratt nedover, mykje av tida på snaue berget, til vestenden av Ærekilen i Hornnes. Ærekilen er den smale, lange kilen me køyrer over på Riksveg 9 like nord for den gamle fylkesgrensa.

Ved Ærekilen var turen på den gamle Dalevegen over den høge Lauvåsheia slutt. No venta eit slettare terreng gjennom Hornnes. Men vegen nordover frå Ærekilen til Moi og vidare oppover i Setesdal tek me ved eit anna høve.

Vegkjennaren Torfinn Normann Hageland

Gang-, ride- og kløvvegen over Lauvåshea, heilt frå Hægeland til Slettefet på Moi, er i dag ein nydeleg turveg. Frå Hægeland til Lauvås tek turen om lag to timar. Same tidsbruken, to timar, kan du rekne med frå Lauvås til Slettefet.

Torfinn Normann Hageland har ein djuptgåande kunnskap om dei gamle vegane på Agder, spesielt i gamle Vest-Agder. Han har skildra mange av dei i storverket Gamle veger i Vest-Agder (Statens vegvesen Vest-Agder, 2000). Eg har henta faktastoffet i stykket her frå den boka. I 1991 merka Torfinn heile strekninga Hægeland–Slettefet som turløype. No meir nyleg er det sett opp fine informasjonsskilt på aktuelle stader langs løypa.

Eg gav meg til å gå nordover frå parkeringsplassen ved Lauvåsvegen. Her er løypa veldig godt skilta. Det var ein nydeleg tur, i fire-fem kuldegrader på (stort sett) frosen mark og lange parti på bart fjell. Eg kom meg diverre bare nesten til toppen av løypa, før eg måtte snu då mørkret seig på. Men ein søndagstur her, heile strekninga i fullt dagslys, unnar eg alle!

Sjå også

Fleire kulturminne

Kvinnebekken på Dale
Kvernebekken Gryte i Valle
Bygland brygge
Gjetarhytta på Bjåen
Skore – gamlevegen
Galtelandsteinen – historisk sus ved Fennefossen
Moi gravfelt
Sandnes skulehus
Smia på Koland
Postvegen – Optestøyl
Postvegen – Sanden Såre
Riksveg 400 – Skomemoen

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.