Før det kom køyreveg mellom Valle og Bykle i 1879 var det rideveg. Opp Gylii gjekk ridevegen på toppen av vegskråningane til dagens Riksveg 9.
Postvegen, den fyrste ordentlege køyrevegen frå Kristiansand nordover gjennom Setesdal, stod ferdig til Valle kyrkje kring 1846. Men han var farande eit par år før, i 1844. Med «køyreveg» talar me då om ein veg det var mogeleg å køyre med hest og kjerre på. Fyrst i 1867 kom arbeidet med å lage køyreveg vidare oppover til Bykle ordentleg i gang.
1700-talet: Ridevegar
Frå 1700-talet byrja ferdsla i Setesdal for alvor å gå meir langsetter dalen, mot Kristiansand. Det var lastehandelen som i fyrste rekke gjorde at setesdølane etter kvart blei mest bundne til den byen.
På den tida var det smått stell med køyreveg, er det sagt i Valle kultursoge (bind VIII, s. 290). Dei brukte føtene når dei ferdast langs vegane, kløvhest eller hest med slede om det var mogeleg. Slede blei brukt også på bar mark, men på vinterføre kunne ein få med eit større lass.
Til vanleg var setesdølane til byen i naudsynt ærend to gonger om året, etter haustonna og i mars månad. Heim var det mykje korn dei hadde med seg.
Då for dei langs småvegar og omvegar, brukte robåtar på fjordane og ferjer når dei måtte over elva, og kom seg til byen og heim igjen på det viset.
Det var ikkje berre ein veg som blei brukt. Det fanst fleire alternative «dalevegar». Ein mykje brukt daleveg var Fjellmannsvegen på vestsida av Otra. Ein annan veg, som setesdølane også brukte, gjekk gjennom Evje og Iveland på austsida av elva.
Dalevegen i Gylii
Heilt fram til 1870-talet var det altså rideveg setesdølane måtte nytte mellom Valle og Bykle. Me kan framleis finne spor etter den gamle vegen mange stader.
Ved avkøyrsla til den tidlegare husmannsplassen Bakken, ved botnen av Gylii, tek Dalevegen til og går over den dyrka marka. Oppforbi og nord for den dyrka marka er det i dag eit temmeleg nytt hogstfelt. Her må ridevegen ha gått.
Stykket held fram under biletet

Ved enden av hogstfeltet i nord kjem me så inn på ei veldig fin, bevart strekning av ridevegen. Ho går 200–300 meter nordover før ho igjen er øydelagt av nyare vegbyggjing. Vegen er grave noko inn mot dalsida og mura opp på yttersida (mot Rv-9).
Ridevegen kjem ned til Riksveg 9 igjen der skogsbilvegen innover i Bjørnarådalen tek til. Her ligg også eit lite, greit sjåeleg stykke av vegen att.
Det er sanneleg spennande å gå på oppdagingsferd og leite etter dei gamle vegane!
Kjelder
- Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland, Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018