Ei halvferdig fjellskjering ved Slettefet 20. oktober 2019. Foto: Geir Daasvatn

Tyskarminnevegen – Moisund

Tyskarminnevegen var eit vegprosjekt som okkupasjonsmakta sette i gong ved Slettefet på Moisund under 2. verdskrig.

Dei ville rette opp hovudvegen – Setesdalsvegen – mellom Kvernhusmyra og Skorva rett sør for Slettefet. Store mengder sprengt stein og fleire fjellskjeringar ligg framleis og minnar om at prosjektet aldri blei ferdig.

Slettefet–Skorva–Kvernhusmyra på Norgeskart.no

Veg ved Ærekilen

Stykket mellom Kvernhusmyra og Skorva blei altså aldri fullørt. Men tyskerane bygde også veg tvers over Ærekilen under krigen. Det var eit svært arbeid som det er tydelege spor etter den dag i dag. Då denne vegen kom, var det slutt på at den gamle Postvegen rundt vestenden av Ærekilen var hovudvegen oppover mot Setesdal.

Kjelder

Sjå også

Tyskarminnevegen: Ei steinfylling ved Skorva, som aldri blei til ein ferdig veg. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

I fotspora til setesdølane – Hallbakken på Mosby
Krigsminnesmerket ved Korpenuten
Urdalsfjell bygdeborg – Evje
Skore i Bygland
Futevegen – Syrtveit sør
Sosteli – Åseral
Postvegen – Fosslid
Haugefjellet feltspatgruve – Evje
Gamle setesdalsvegen – Gylii
Riksveg 400 – Odden, Lauvdal
Bunkersen ved Lisletjønn i Bykle
Austadburet

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.