Helga Flateland (t.v.) og Anita Jørstad ved det som truleg er likkvila etter tipp-oldemor deira ved Ratøygard i Bygland. Foto: Geir Daasvatn

Likkvila attmed Ratøygard – Bygland

Likkvila attmed Ratøygard ligg ved Jordalsvatn i Bygland austhei, ved den gamle ridevegen Jordalsbø–Øy–Tovdal, på sørsida av Eksævegen, nær den gamle støylen Ratøygard.

Det er sagt å vere likkvila til Ingebjørg Olavsdotter Oppsal i Jordalsbø, som blei stanga ihjel av prestestuten på Øy 10. august 1859.

Om kvelden fann slåttefolk frå Såghus henne død. Men bak på ryggen låg barnet hennar bunde på bakmeisa og gret. Mannen til den døde Ingebjørg, og far til det vesle barnet, var Olav Vermundson Oppsal.

Den vesle jenta som overlevde heitte også Ingebjørg Olavsdotter.

Korleis gjekk det så med vesle Ingebjørg, som mista mor si på så tragisk vis? Her kan du lese mykje meir om den spennande historia vidare!

Jordalsbø–Ratøygard på Norgeskart.no

Kjelder

I nærleiken

Fleire kulturminne

Frøysnes brygge
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Bunkersen ved Lisletjønn i Bykle
I fotspora til setesdølane – Espelandskleiva
Birkelandsfossen – flotingsmur
Byglandsfjord dam – flotingsmur
Feddufs – ein husmannsplass i Valle
I fotspora til setesdølane: Helveteskleiva ved Langevatn
Loftet på Nomeland Der oppe
Austad kyrkje
Auvervassåi gamle bru – Bykle
Galtelandsteinen – historisk sus ved Fennefossen

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.