Rett nord for butikken på Ose, godt gøymt i skogen ovanfor Riksveg 9, er det framleis tydelege spor etter Postvegen, den første ordentlege kjerrevegen oppover i Setesdal.
Etter å ha kome forbi Storstoga svinga Postvegen opp det som i dag er starten på skogsbilvegen oppover mot Reiårsvatn. Ved den første skarpe svingen, om lag der det står eit infoskilt om bompengar, gjekk Postvegen rett fram eit lite stykke, i lia oppforbi Rv-9. Han svinga seg så nedover og møtte dagens hovudveg nokre hundre meter nord for Coop Marked Ose. Stykket her blei bygd rundt 1842.
Stykket held fram under biletet
Rundt 1920 blei vegen gjennom sentrum lagt om. Etter Storstoga på veg nordover svinga han seg mot høgre. Det er slik me framleis køyrer gjennom Ose når me tek av frå riksvegen og vil ha ein tur innom sentrum.
I 1983 blei riksvegen lagt utanom heile Ose sentrum. Det gjorde nok at Ose mista noko av den sentrumsfunksjonen grenda lenge hadde hatt, skriv Leonhard Jansen i praktboka om Postvegen og Riksveg 9.
Sør for Ose
Like etter Reiårsfossen, rett sør for rasteplassen ved Rv-9, svinga Postvegen seg av mot venstre og opp til Fosslid. Det gamle vegstykket har eg skrive litt om i eit anna stykke her på Setesdalssida.
Meir om Postvegen på Setesdalssida
Kjelder
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, utgeve av Bokbyen Forlag, 2018, s. 118–119 og kart nr. 15 bak i boka
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgeve av Bygland komune, 2005, s. 434–435
- Artikkelen om Postvegen nord for Ose på Kulturminnesok.no m/traseen teikna inn