Skore er ein fråflytta gard høgt oppe i lia aust for Ose, på austsida av Otra, nord i Bygland.
Garden grensar til Austad i nord og Åraksbø i sør. Grensa mot Åraksfjorden (Otra) i vest er ca to km.
Historie
Skore må i si tid ha gått ut frå Austad. Når dette skjedde veit me ikkje. Men garden har blitt lagt øyde i tida etter Svartedauden, etter 1350.
I nyare tid kom det folk på Skore rundt 1620. Garden blei fråflytta igjen ut på 1960-talet.
Stykket held fram under biletet
Skorsjentene
Dei siste som budde på garden var to jenter som blei kalla «Skorsjentene», Gro Gunnarsdotter Skore (f. 1880, d. 1966) og Gyro Gunnarsdotter Skore (f. 1889, d. 1978). Frå mor deira Gunhild (f. 1845) døydde i 1918 var dei ansvarlege for alt «kvinnfolkarbeid» på garden. Etter at far deira, Gunnar Bjørgulvson Langeid (f. 1845, d. 1929), og seinare broren Bjørgulv (d. 1930) blei borte, hadde dei også ansvaret for sjølve gardsdrifta. Dei var flittige og arbeidde mest natt og dag. Det var velstand på Skore, og jentene såg til at garden var i god stand, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt. Dei dreiv han så lenge dei kunne. Til sist kravde alderen sitt, og dei kom på Byglandsheimen.
Etter at Gro og Gyro var borte, gjekk garden tilbake til Gunhild Tvedt Skore (f. 1916, d. 1993). Ho var dotter til Sven Gunnarson Skåre, bror til Gro og Gyro. Gunhild budde i Arendal. Ho fekk gjort eit krafttak, heiter det i Bygland gard- og ætt (bind III, s. 730), då ho fekk bygd ny gardsveg til Skore. Han stod ferdig mot slutten av 1980-åra.
Etter Gunhild overtok Olav Øygarden garden. Han har storfe gåande her om sommaren, og har vølt fleire av dei gamle bygningane dei seinare åra. Både bygningane i seg sjølv, og heile garden etter mi meining, er eit sjeldant vakkert og verdfullt kulturminne i Bygland.
Kjelder
- Artikkelen om Skore på Setesdalswiki
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, s. 689–730