Rakkenes – Byglandsfjorden

Rakkenes med Byglandsfjorden ein sein og idyllisk sommarkveld. Foto.

Dette er ei veldig populær og solrik badestrand, mellom Grendi og Longerak. Det krystallklare vatnet i Byglandsfjorden innbyr verkeleg til bading. Det er bare å hoppe uti og nyte stunda! Det er sandstrand både mot sør, nord og vest. Så du kan i tillegg til friske bad nyte sola til langt på kveld. Det er […]

Daleviki badeplass – Byglandsfjorden

Den lange sandstranda i Daleviki. Foto.

Dette er ei verkeleg fin, familievenleg og sørvendt badestrand på Dale på vestsida av Byglandsfjorden. Daleviki – som dei lokale meiner skal heite Dalskilen og Evje-folk gjerne kallar Dalebukta – er ein veldig populær bade- og rasteplass. Det er god atkomst til staden, og greitt å parkere. Men det er ikkje offentleg toalett her. Så […]

Sines badestrand – Byglandsfjorden

Sines med krittkvite badestrender. Foto.

Denne nydelege staden er på vestsida av Byglandsfjorden, mellom Bø og Dale. Det er ei sandstrand – eigentleg fleire – der det er veldig fint å bade og raste ein slik «smeigedag» som det er så mange av rundt fjorden om sommaren. Parkeringstilhøva ved Sines er ikkje dei beste, og det manglar offentleg toalett på […]

Neset Camping

Neset Camping sett fra fjorden. Foto.

Campingplassen ligg ved Riksveg 9 mellom Byglandsfjord og Grendi i Bygland. Han er ein roleg 4-stjerners campingplass, i eineståande vakre omgivnader på eit nes som stikk ut i Byglandsfjorden. Svært mange stamgjestar har campingvogn ståande på Neset Camping heile året. År om anna har campingplassen 30.000–40.000 gjestedøgn. Sommaren 2021 var det rekordbesøk. Då var det somme døgn i slutten av juli godt […]

Støylen Camping – Ose

Utsikt nordover mot Støylen Camping en vakker junidag. Foto.

Campingplassen ligg naturskjønt til ved Åraksfjorden, rett sør for Ose. Her er plass til både bubilar, campingvogner og telt. Staden har sanitæranlegg med dusj, WC, vaskemaskin og nokre enkle kjøkkenfasilitetar. Det er også stramuttak ved sanitæranlegget. Utsikten utover fjorden og sørover mot Åraksbø på andre sida er fantastisk. Ein sommarmorgon her, med blikk stille fjord, er […]

Ose Turistheim

Ose Turistheim. Foto.

Turistheimen er bygd i 1909. Han er den eldste turiststasjonen i Setesdal som framleis er i drift. Ose Turistheim er eit intimt lite hotell med 6 gjesterom og 14 senger. Både innvendig og utvendig har turistheimen behalde sin originale karakter. Her får du også servering av heimelaga tradisjonsmat. Ose var eit travelt sentrum i Setesdal tilbake i tid. […]

Tangen – Bygland

Friluftsområdet Tangen i haustsol. Foto.

Tangen er eit friluftsområde på Prestneset, rett nord for Bygland museum, i Bygland kyrkjebygd. På Tangen er småbåtplassar, Tuftepark, sandvolleyballbanar, offentleg badeplass med nydeleg sandstrand og stupetårn ute i vatnet og mykje anna spennande. Våren 2024 (frå ca. 17. mai) kom også Prestneset Bobilcamp på plass, med rundt 12 oppstillingsplassar. Kvar sommar arrangerer Bygland Luftsportsklubb Gamaveka Extreme i området. Den […]

Stoga – Bygland

Stoga utvendig. Bilde av bygningen.

Stoga er ein kulturkafé på Prestneset i Bygland. Turistinformasjonen i Bygland er også her. Det er kafé med enkel servering og skjenkeløyve, kulturarrangement, møte, konsertar, revy, teater, guiding, folkemusikk og dans og mykje anna. I tillegg ivaretek Stoga på vegne av kommunen funksjonen som Turistinformasjon. Stoga disponerer óg nokre museusmbygningar i Bygland museum rett ved, […]

Heisfossen – Bygland

Heistadfossen sett frå toppen. Foto.

Heisfossen (Heistadfossen) er eit svært fossefall i Heisåni på Heistad, nord-aust i Bygland.  Heisvatn, som Heisåni renn ut frå, er noko regulert. Om lag 44 % av vassføringa i Heisvassdraget blir overført til Hovatn kraftverk. Men uttaket frå Heisvatn ligg så høgt at Heisfossen aldri blir heilt tørrlagt. I flaumtider med mykje nedbør og vatn er det stor vassføring i elva, […]

Reiårsfossen

Reiårsfossen. Foto.

Reiårsfossen er ein over 200 m høg foss ved Riksveg 9 like sør for Ose i Bygland. Segna om Reiår, og korleis Reiårsfossen fekk namnet sitt, er kjend i mange variantar. Ein variant er at ein av bygdas husmannsgutar, Reiår (gamal skrivemåte for Reidar), hadde forelska seg i ei gardsjente på Ose. For å få henne sette bonden som vilkår at han skulle ri […]

Bygland museum

Bygland museum. Foto.

Bygland museum ligg på Prestneset nær Bygland sentrum, og er ei avdeling eller samling under Setesdalsmuseet. Museet er nyrestaurert. Anlegget syner byggeskikk og kultur frå midten av 1600-talet, då folk budde i sotete stovermed ljore i taket for ljos og røyk, og med harde benkar langs veggane. Stykket held fram under biletet Bygt inntil er […]

Byglandsfjord stasjon

Byglandsfjord jernbanestasjon. Foto.

Byglandsfjord stasjon var endestasjon for Setesdalsbanen. Stortinget fatta i 1889 vedtak om å bygge jernbane mellom Kristiansand og Setesdal. Banen vartbygt som smalspora, både fordi dette vart billegare og høvde betre i eit vanskeleg terreng. Kong Oskar 2. tok det første spadetaket i 1891, og i 1895 kunne ein ta til med køyring mellom Kristiansand […]

Storstraumen

Storestraumen i Bygland med Bjoren på veg nordover fjorden. Foto.

Storstraumen ligg i Otra-vassdraget, og er ein naturleg barriere mellom øvre del (Åraksfjorden) og nedre del av Byglandsfjorden. Dette er eitt av dei trongaste punkta i heile elvelaupet. Riksveg 9 passerer over Storstraumen på bru. Frå gamalt av låg Byglandsfjorden lågare enn Åraksfjorden. For å sikre båttrafikken mellom dei to delane av fjorden, blei det […]

Bjoren – Eventyrbåten på Byglandsfjorden

Bjoren, Byglandsfjord. Foto.

D/B «Bjoren» er den vedfyrte dampbåten som trafikkerer strekningen Byglandsfjord-Bygland og Bygland-Ose i Setesdal søndager i sommersesongen. Ved som drivstoff var  – og er – et naturlig valg siden det er rikelig, lokal tilgang på dette. Vedfyringen bidrar sterkt til å gjøre Bjoren til en unik kulturskatt og et flytende, teknisk museum. Båten er i […]