Julestemning ved Sølvgarden 27. desember 2018. Foto: Geir Daasvatn

Sølvgarden – Rysstad

Sølvgarden Hotell og Feriesenter er det spennande «eventyrslottet» langsmed Riksveg 9 på Rysstad. Hotellet er klassifisert til 4 stjerner, og campingen har 5 stjerner.

Hotellet ligg rett ved Otra. Over på andre sida av elva stig Andenapen majestetisk mest rett opp. I elva kan du fiske, bade eller padle. Du kan leige både kano, båt/sykkelbåt og syklar. Det er svært idyllisk her.

Familien Rysstad driv hotellet, inkludert restaurant med tradisjonsmat og bar. Tett knytta til hotellet er det både 5-stjernes campingplass og sylvsmedverkstad. I butikken blir det seld både eigenproduserte sylvvarer og gåveartiklar.

Rysstad ligg sentralt midt i «kulturriket» Setesdal. Ein liten spasertur frå Sølvgarden, på Bjugsbakk, ligg Setesdalsmuseet sitt hovudkvarter. Det er i dette området Stiftelsen Setesdal stavkyrkje arbeider for å få sett opp ei ny stavkyrkje. Eit enormt prosjekt, om det blir gjennomført.

I kort avstand, i alle retningar, ligg spennande kultur- og naturopplevingar og ventar på deg. Du finn lenke til nokre av dei aller næraste nedst i stykket. Mange fleire kan du lese om hos Visit Sørlandet/Setesdal. Ja, ofte treng du ikkje forlate hotellet ein gong. Her er det med jamne mellomrom folkemusikkpub, konsertar og andre kulturtilstelningar.

«Berlin ist eine reise werdt», heiter det i eit mykje brukt slagord. Det er sanneleg Rysstad og Sølvgarden også!

Meir om Sølvgarden

Rett i nærleiken

Meir om Setesdal

Sølvgarden i vakkert lys og vinterskrud 11. desember 2023. Foto.
Sølvgarden 11. desember 2023. Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose