Storstraumen ligg i Otra-vassdraget, og er ein naturleg barriere mellom øvre del (Åraksfjorden) og nedre del av Byglandsfjorden. Dette er eitt av dei trongaste punkta i heile elvelaupet. Riksveg 9 passerer over Storstraumen på bru.
Frå gamalt av låg Byglandsfjorden lågare enn Åraksfjorden. For å sikre båttrafikken mellom dei to delane av fjorden, blei det bygt ei sluse ved Storstraumen i 1869. General Oscar Wergeland skal ha vore ein av dei største drivkreftene bak prosjektet.
Saka held fram under biletet
Knut Åsulvson Stigemo frå husmannsplassen Stigemo, og alle husmennene på Stigemo etter han, hadde arbeid som slusevoktarar. Det var ei offentleg stilling.
Etter at det blei bygt ein demning nord for Evje, steig vasstanden i Byglandsfjorden med først to og seinare tre meter. Etter det var det ikkje naudsynt med sluser. Dei er likevel i bruk i dag, når dampbåten Bjoren går i sommarrute. Slusene vart fornya i 2006.
Riksveg 9 går altså på bru over Storstraumen. Ved sida av dagens vegbru frå 1963, er her også ei gamal steinkvelvbru frå 1915. Den første brua her var ei trebru, bygt i 1858. Før den tid måtte ein ro eller ferje over Storstraumen.
Saka held fram under biletet
I tillegg til bruene over hovudlaupet, er det også mindre bruer over det vestre laupet. Det er her dampbåtslusa er.
Rett over på vestsida av Storstraumen har Statens vegvesen fått stelt i stand ein verkeleg fin rasteplass, med toalett, benkar og bord og grei oppstillingsplass for bilar og campingbilar. Frå rasteplassen går det ein koseleg gangveg bort til slusa og bruene. Om du er på utkikk etter ein stad for ein liten pause på veg gjennom Setesdal, er dette absolutt ein av plassane du vil ha stor glede av mens du kviler deg litt!
Les om det ambisiøse, men mislukka kanaliseringsprosjektet ved Storstraumen rundt 1740
Kjelder
- Det meste av teksten her er henta frå artikkelen om Storstraumen på Setesdalswiki, der det også er vidare tilvising til kjelder
- Reidar Tveito, Riksveg 9 – Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord, 2014, s 116–120
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 110–114