«Gå derfor ut og gjør alle folkeslag til mine disipler»
Nå kan eg ikkje slå i bordet med at eg gjennom denne lange ogkronglute livsvegen har vore nokon trugen og ihuga lesar av Bibelen. Tekst: Øystein Moi Ikkje har eg trødd ned dørsvillene på korkje bedehus eller kyrkjebygg – men eg vil likevel halde fram med at barnetrua allstøtt har vore ei god rettesnor i […]
Nokre tankar frå Roterjoet ved Hartevatn
Eg las for ei tid sidan litt om den store sogemannen og kvedaren Svein Knutsson Hovden (f. 1841, d. 1924). Han var fødd på støylen Roterjoet ved Hartevatn. Eg fann dette i boka som Kirsten Bråten Berg og Leonhard Jansen har skrive om han og det han samla av forteljingar og songar (utgjeve 1991). I boka står det altså […]
Drodling frå ein snøhaug!
Eg var ute og brøyta tunet for snø i dag, med sørlandsskuffa. Det var tredje dagen på rad. Det er eit svært tun, med stikkveg ut til Fv-42. Igjen måtte eg måke vekk ein svær og tung snøskavl som var blitt liggjande att i utkøyrsla etter at brøytebilen hadde passert. Postkassa måtte eg òg brøyte […]
Husmannsplassen Hagen – i bilete
Eg har laga eit lite bilethefte om dette vakre og unike kulturminnet på Lauvdal i Bygland. Heftet har 36 sider og format 21 x 21 cm. Eg har auka storleiken i høve til dei siste A-5-hefta mine, slik at bileta kan kome endå meir til sin rett. Prisen hos meg er 80 kr. Heftet er […]
Bilethefte: Otra i Bygland, frå Langeid til Vassend
Nå har eg endeleg fått laga ferdig bilethefta mine om Otra gjennom Bygland. Eg følger elva og fjordane frå Langeid til Vassend. Eg byrja på ein bokserie om Otra i 2021. Då laga eg to bøker om landskapet langs Otra heime hos meg i Evje og Hornnes. Etter det måtte eg ta ein pause. Eg […]
Endeleg Otra-hefte gjennom Bygland!
Nå har eg levert hefte nr. 1 om Otra gjennom Bygland til trykking. Det går frå Langeid til Storstraumen. Om få dagar leverer eg nr. 2, Urdviki til Longerak, og nr. 3, Dale til Vassend også. Kvart hefte er på ca 100 s. Formatet er A-5. Prisen er 125 kr/stk evt. 300 kr for alle […]
Åraksbø – bygda som vant mot tida!
Trass i «bygdedød» og dystre spådomar om framtida til landsbygda, opplever Åraksbø i Bygland ei blømingstid. I november 2003 skreiv Johs. Bjørkeli ei fin sak i Fædrelandsvennen om Åraksbø – bygda som tapte mot tiden. Opp mot 300 menneske skal det ha budd i bygda rundt 1950. I 2003 var talet redusert til under 50. […]
Ein liten hyllest til Åraksbø
Eg har setta saman eit lite hefte med landskapsbilete frå Åraksbø. Det er min vesle hyllest til denne vakre grenda, der landskapet er så umåteleg fint. Heftet har eg kalla Åraksbø – eit smykke i Setesdal. Det kom til etter eit innfall, ein kveld eg las ein gamal avisartikkel frå 2003 der Åraksbø er omtala […]
Kjærleiken er ikkje bare for dei lykkelege og dei sterke!
Aldri kjenner eg på ei større takksemd for å vere norsk enn på 17. mai. Dette utruleg vakre og trygge landet som er vårt. Diverre har mange det ikkje like trygt og godt som oss. Det er mykje vondskap i denne verda. Kanskje vil det alltid vere det, for vondskap har det vore heilt sidan […]
Liten båt – om livet
Når helsa sviktar og ein ikkje kan jobbe på vanleg vis lenger, er det mykje i livet som går i stå. Men det hjelper ikkje så mykje å stå på sidelinja og vente på at eitt eller anna mirakel skal skje, slik at livet blir «fiksa» igjen. Utan jobb skrantar økonomien raskt, ein føler seg […]
Arne Mjåland: Store prestasjoner på ulike plan
Color Line Tour i 2021 ble arrangert for 35. gang. Sykkelrittet er 210 km langt, fra Kristiansand og gjennom hele Setesdal opp til Hovden. I 2021 ble det satt ny rekord da Team Kjekkas ble klokket inn på tiden 4:44:52. Det tilsvarer en gjennomsnittshastighet over 44 km per time, intet mindre enn imponerende! Men en av […]
Med naturen som medisin
Det er fantastisk fine muligheter til å å kose seg ute i friluft i Evje og Hornnes. For meg fikk naturen en spesielt viktig betydning, etter at jeg blei sjuk med kreft vinteren 2013. Artikkelen er et bildeforedrag jeg holdt på Kreftforeningens Temakafè på Evjeheimen 20. februar 2017. Foredraget er skrevet litt om, for å få det til å passe […]
Harald Haugland etter si siste sending i Valle Radio: Litt vemodig
Harald Haugland har vore frivillig og programleiar i Valle Radio mest sidan lokalradioen starta opp med sendingar i 1997. Onsdag kveld sa han takk for seg. Han har skrive dette fine innlegget på bloggen sin om den litt vemodige avgjerda. Me har fått lov til å legge ut teksten her på Setesdalssida óg. Overskriftene og […]
Glad i heimbygda mi
Hausten 2006 vart eg sjuk, og måtte ta ein pause frå arbeidet mitt som jurist. Pausen blei etter kvart til fleire år, utan at helsa blei noko særleg betre. I heile denne tida prøvde eg å ta meg nokre turar rundt i nabolaget i Hornnes, der eg då budde, så ikkje kroppen skulle forfalle heilt. […]
Vatnedalen i Bykle: Kanelsnurrane berga dagen!
Eg var ein tur til Bykle og den enorme Vatnedalsdammen i forrige veke. Det blei ein annan slags tur enn eg hadde tenkt. Men alt-i-alt ein strålande sykkeltur i ukjent terreng! Her er ein liten rapport frå turen, henta frå Facebooksida «Setesdalssida» som eg også er administrator for. Lesarinnlegg, skrive av Geir Daasvatn, publisert på Setesdalssida på […]
Gjekk fem-på i Bykle!
Eg skriv i innleiinga til bildebøkene mine frå Setesdal at eg i utgangspunktet ikkje visste noko særleg meir om dalen enn det eg såg når eg køyrde forbi på Riksveg 9. Her er ei lita historie frå Bykle som på ein litt humoristisk måte dokumenterer kor «ille» det eigentleg var. Lesarinnlegg, skrive av Geir Daasvatn, […]
Livet!
Ja, nå nærmar klokka seg halv tre lørdag ettermiddag. Eg må knyte slipset og gi meg i veg bortover til Hornnes kyrkje. Der skal eg gifte meg med mi kjære Rita om temmeleg nøyaktig ein halv time. «Livet» er eit Facebookinnlegg eg, Geir Daasvatn, skreiv i juni 2020, rett før eg gifta meg med kjærasten […]
Ein song til Setesdal
Eg bur i Hornnes, og hadde lite kjennskap til Setesdal til eg var rundt 50 år. Men då begynte eg så smått med fotografering for å ha noko fint å gjere, etter at eg var blitt sjuk og ikkje kunne arbeide som vanleg lenger. Etter kvart drog eg litt nordover i dalen på nokre fototurar […]