Åmdalskleiva 30. juni 2024. Foto: Geir Daasvatn

Åmdalskleiva på den første Dalevegen

Åmdalskleiva var ein bratt bakke på kløv- og ridevegen setesdølane for langs når dei var på bytur før det kom køyreveg for hest og vogn.

Åmdal er ein gard i Hægeland, litt vest for Riksveg 9. Her passerte den Austre Fjellmannsvegen, som Dalevegen mykje er blitt kalla lenger sør enn Setesdal. Han kom då sørover frå garden Einstabland. Etter den bratte Åmdalskleiva heldt vegen fram sørover til Reiersdal, over Sandripheia, ned Vormebrokka før Skarpengland, opp på heia igjen om Loland, sørover om Stølen og ned dei bratte heiane til Mosby. Her var vegen tilbake ved Otra, som han var blitt skild frå på Hodne i Hornnes, fire–fem mil lenger oppe i dalen.

Vestre Fjellmannsvegen

Ein alternativ veg, den Vestre Fjellmannsvegen, gjekk frå Einstabland via Røyneland og Bringsverd til Tjomsås, om Øvrebø kyrkje, over Hommeheia, ned brattheia ved Homme, nordom Berge, opp Skottedalskleiva, inn i Oddernes sokn ved Bue og derfrå ned til Mosby.

Om du går inn på nettstaden Kulturminnesøk.no, kan du sjå begge desse variantane av Dalevegen innteikna på kartet.

Åmdalskleiva

Me ser framleis trappetrinna i den noko attgrodde kleiva. Foto: Geir Daasvatn

Når setesdølane nærma seg husmannsplassen Hagan, på veg sørover, var dei på toppen av kleiva. Der heiter det visstnok Brudledbergan. Derfrå gjekk ein bratt bakke ned til husmannsplassen. Der er det lange steingjerde langs vegen den dag i dag. Så gjekk det bratt nedover igjen. Nå var dei i den eigentlege Åmdalskleiva. I øvre delen var ho trappelagd. I den nedre delen var det rydda veg, som me i dag ser att som ein holveg. Nedst i kleiva var dei framme ved garden Åmdal.

Heile dette vegstykket kan me lett sjå i terrenget i dag. Trappa øvst i kleiva er noko tilgrodd, men grei å finne. Området ligg nå inne i skogen. Men på 1700- og 1800-talet var det myke meir opent.

Det er veldig spennande å vandre gjennom skogen på den gamle vegen, og undre seg litt på korleis livet langs vegen eigentleg var for setesdølar og andre vegfarande. Det at vegen mange stader syner seg som ein holveg, tyder at ferdselen av kløvhestar må ha vore stor.

Kart over området

Til 1770-åra

Vegen var offentleg rideveg. På Kulturminnesok.no heiter det at han var mest i bruk fram til 1770-åra. Det tyder vel då at setesdølane seinare meir brukte den nemnde Austre Fjellmannsvegen når dei var på byreise. Men lokalt i Hægeland og Øvrebø skal Åmdalskleiva har vore i bruk til tidleg på 1900-talet.

Frå 1835 var det køyreveg for hest og vogn frå Kristiansand til Kile. I 1844 var Postvegen – avløysaren til Dalevegen – farande heilt til Valle. Då blei det endeleg slutt på dei strevsame byreisene med hest og kløv for setesdølane.

Kjelder

Fleire kulturminne

Postvegen – Hestevelt til Kroni
Setesdalsbanen – Homevassevja
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Postvegen – Reimarmoen
Postvegen – Kroni til Moen
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Gamle setesdalsvegen – Moen
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Gamle setesdalsvegen – Svåa
Auglandskleiva bru – Torridal