Restane etter grunnmuren til våningshuset i Apledokk. Foto: Geir Daasvatn

Apledokk – husmannsplassen til Dalskjempa

Dette var ein husmannsplass på garden Dale på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland.

Apledokk er i lia, rundt 200 meter ovanfor sandstranda i Daleviki.

Husmannen var Torjei Jensson, «Dalskjempa». Han skal ha rydda plassen og flytta dit i 1860. Han blei verande her til han døydde i 1924. Nils Nersten heldt til på Longerak, og traff Torjei ofte. Han har skrive eit vakkert stykke om denne særmerkte mannen i Minner fra Setesdal (1950). Han avsluttar slik:

Jeg syntes det ble så ensomt etter gamle Torgjei når jeg var ute og fisket og ikke så ham lenger ved stranda eller ute på fjorden i sin gamle båt.

Torjei var enkemann i mange år. Etter at han var død, sat dottera Mari i Apledokk til ho døydde i 1941.

Neste gang du er forbi Daleviki; ta deg tid til ein liten avstikkar opp i skogen på oversida av vegen for å sjå dei gamle husmurane og dei lange steingardane. Nå er alt mest attgrodd. Her levde «Kjempa på Dale» livet sitt.

Apledokk og Dale på Norgeskart.no

Meir under biletet

Svære steingjerde i Apledokk. Foto.
Svære steingjerde i Apledokk 7. oktober 2023. Foto: Geir Daasvatn

Kjelder

  • Artikkelen om Dale på Lokalhistoriewiki.no
  • Opplysningar gitt av Tormod Tveitå til Geir Daasvatn i E-post dagsett 3. oktober 2016
  • Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 1952, side 383–384
  • Artikkelen om Apledokk på Setesdalswiki

Du vil kanskje også sjå

Fleire kulturminne

Postvegen – Kroni til Moen
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
Gamle setesdalsvegen – Moen
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Gamle setesdalsvegen – Svåa
Auglandskleiva bru – Torridal
Postvegen – Kristiansand
Postvegen – Vennesla
Postvegen Kristiansand–Bykle
Postvegen – Evje og Hornnes