Austad gamle kyrkjegard 7. august 2022. Foto: Geir Daasvatn

Austad gamle kyrkjegard

Austad gamle kyrkjegard er den gamle kyrkjegarden frå tida då Austad kyrkje stod på Austad.

I 1880 stod ny kyrkje for Austad sokn ferdig på Tveit, over på andre sida av Otra. Då søkte oppsitjarane på Austad om å få nytte den gamle kyrkjegarden. Søknaden blei ikkje imøtekomen. Først i 1911 vart kyrkjegarden teken i bruk att. Same året kom oppsitjarane på Austad, Heistad, Ose, Skore og Kile med tilbod om å halde han ved like.

I 1932 vedtok Austad sokneråd å bygge eit gravkapell på Austad kyrkjegard. På same tid vart det vedteke å bygge eit klokketårn der. Det blei vigsla hausten 1933. Tanken var, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt, at tårnet skulle tene som våpenhus for gravkapellet, når det ein gong blei bygd. Men kapellet er aldri blitt bygd. Klokka i tårnet har innskrifta «Dr. J. G. Arneberg, Bjørgulv Skore og andre bygdefolk reiste dette tårn med klokke 1933».

I 1912 reiste «sambygdingar i Norig og Amerika» ein bauta over spelemannen Tarkjel Aslakson Austad (1802–1875). Den kjende klokkaren og læraren Kristian Stubseid er også gravlagd her.

Sommaren 2021 fann ein dugnadsgjeng som arbeidde med restaurering av steinmurane på kyrkjegarden ei gamal steintavle med det som kan vere inskripsjonar på latin. Alderen er ikkje fastsett av fagfolk, men tavla kan vere frå før reformasjonen.

Gamle kulturminne

På kyrkegarden er det fleire gamle kulturminne. Inne på kyrkjegarden, mot muren i sør (t.v.), ligg det ein avslegen lang stein. Det skal ha vore ei «steinmerr» i Skeivodd på Austad i eldre tider. Steinen på kyrkjegarden kan ha vore ein del av denne steinmerra. Der er også to høge smale steiner, ein rett ved inngangsporten og ein i det nord-austre hjørnet. Dei har kanskje vore gapestokkar. Eller, som segna seier om steinen ved porten, hovudputa til Harde-Aslak.

Rett ved kyrkjegarden ligg Fosslidburet som for kort tid sidan blei pent restaurert. Litt lenger oppover langs fylkesvegen ligg det eldgamle Austadburet.

Ta deg verkeleg tid til ein liten stopp ved Austad gamle kyrkjegard neste gong du er forbi!

Kjelder

Gapestokken ved det nord-austre hjørnet av kyrkjegardsmuren. Foto: Geir Daasvatn
Gapestokken, eller kanskje like gjerne hovudputa til Harde-Aslak, innanfor porten. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland