Riksveg 9 med Bjoneskleivi innforbi under fjellet 7. mai 2024. Foto: Geir Daasvatn

Bjoneskleivi – Bykle

Bjoneskleivi, eller bare Kleivi som det står på kartet, var ein bakke på den gamle setesdalsvegen mellom husa på Bjones og Byklebrua.

I 1879 kom det endeleg køyreveg for hest og vogn fram til Bykle kyrkje. Då hadde vegarbeidarane strevd seg forbi det vanskelegaste stykket av alle, Byklestigen. Vegen i Bjoneskleivi blei bygd på same tida, altså i 1879 med byggestart kanskje litt før.

Fjellet går mest stupbratt ned i dalen her, og vegen låg heilt inn mot fjellsida. Det var ein rasutsett og farleg vegtrasé. Rundt midten av 1980-talet blei han flytta ut på ei fylling i Bykil, lenger vekk frå fjellsida. Bare nokre år seinare gjekk det eit stort steinras over gamlevegen, og vitna om kor farleg vegen eigentleg hadde vore.

Stykket held fram under biletet

Eit svært steinras ligg tvers over gamlevegen i Bjoneskleivi. Foto.
Eit svært steinras ligg tvers over gamlevegen. Foto: Geir Daasvatn

Kjelder

Kanskje du også vil lese

Bjoneskleivi 7. mai 2024. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Skjevrak brygge – Bygland
Postvegen/Riksveg 400 – Staven