Heddefossen med Bjønnespranget 4. juli 2016. Eg er ikkje heilt sikker på kor det nøyaktig er, men på eitt eller anna av dei smalaste stadene her må det vel vere! Foto: Geir Daasvatn

Bjønnespranget – Åseral

Bjønnespranget er ein stad i Heddefossen mellom Mjåland og Åmland. Spreke karar greidde å hoppe over kløfta. Det er kjent for å vere eit svært hopp.

Namnet kjem av ei gamal segn om ein mann som var elta av ein bjønn, er det forklart i kulturminneplanen for Åseral. Elva ligg her i ei djup kløft. Der hoppa mannen over og berga livet. Bjønnen våga seg ikkje etter.

Elva har skore seg djupt ned i fjellet. Med eit tigersprang går det nok ann å hoppe over på det smalaste her. Foto: Geir Daasvatn

Ein annan versjon av segna står på Kulturminnesok.no:

Fyrst låg der ei steinhelle over fossen som folk kunne gå over. Ein dag var ein hjuring der og gjette. Då kom det ein bjørn etter guten og ville ta han. Guten rømde over hella som låg over fossen. Men då bjørnen, som var tyngre, kom etter, brast hella. Bjørnen ramla ned i fossen og bleiv. Restane etter halla blei ståande oppe, men blei seinare skotne ned på grunn av tømmerfloting.

I nyare tid skal det vere tre menn som har hoppa Bjønnespranget: Lars Mjåland, Petter Åmland og Arne Håvorstad.

Korleis finn du staden

Frå Sveindal følger du Fylkesveg 455 mot Kylland og Kyrkjebygd. Du fer forbi første garden du kjem til, Mjåland. Når du etter det nærmar deg Åmland, gjer vegen ein skarp sving. Just i svingen er det ein liten rasteplass eller i det minste ein stad du kan parkere bilen om du kjem køyrande. Over fenderen ser du då ned på Mandalselva og Heddefossen. Her er også Bjønnespranget.

Det er fleire spektakulære jettegryter i elva. Dei kan vere farlege. Det kan også vere glatt på berget på sida av fossen. Ta deg i akt!

Kart med Heddefossen

Rett i nærleiken

Kjelder

Fleire kulturminne

Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Bjoneskleivi – Bykle
Skjevrak brygge – Bygland