Gamlevegen langs Stigahyl 20. juni 2024. Trappa er ein rekonstruksjon av ein eldre variant av Byklestigen. Foto: Geir Daasvatn

Gamle setesdalsvegen – Moen

Den første køyrevegen forbi Moen, under Byklestigen, kom i 1879.

Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. Men viljen til å kome vidare nordover med vegen var laber. «Iallfall når det skulle løyvast over kommunebudsjettet», skriv Leonhard Jansen i praktverket Frå postveg til riksveg – vegar og vegmine langs riksveg 9 (s. 164).

Men i 1865 blei det endeleg vedteke å be amtet (fylket) godkjenne opparbeiding av køyreveg opp til Bykle. Arbeidet kom i gang, og i 1879 kom vegen endeleg fram til Bykle kyrkje.

Forbi Byklestigen

Byklestigen var eit berykta parti på den gamle kløv- og ridevegen mellom Valle og Bykle. Det kunne vere særs vanskeleg, og farleg, å kome forbi. Då køyrevegen blei bygd forbi Moen, kring åra 1876–1879, blei han lagt rundt Stigafjell. Han blei dels sprengt ut i berget og dels murt opp ut mot Stigahyl og Bykil. På same måten som vegen rundt Svåa rett nordanfor var strekninga veldig utsett for skred, både is- og steinsprang. Det var ein farleg stad å ferdast.

Vegen ligg som på ei hylle i den bratte fjellvggen. Foto:
Vegen ligg på ei utsprengt hylle i den bratte fjellvggen. På utsida er det stupbratt ned til Bykil. Foto: Geir Daasvatn

Vegen blei utbetra fleire gonger, og var i bruk til 1984–1985. Då blei riksvegen lagt tvers gjennom fjellet i tunnel. Reidar Tveito har skrive ein del om det arbeidet i den store boka si om bruer og særtrekk langs riksveg 9.

Det er mogeleg å gå eller sykle på vegen. Men strekninga er skilta med «Rasfare».

Området er med i «Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner».

Kjelder

Lenker

Fleire kulturminne

Postvegen – Hestevelt til Kroni
Setesdalsbanen – Homevassevja
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Postvegen – Reimarmoen
Postvegen – Kroni til Moen
I fotspora til setesdølane – den livsfarlege Auglandskleiva
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
I fotspora til setesdølane – Buekleiv
I fotspora til setesdølane – Vassåsdalen i Øvrebø
Gamle setesdalsvegen – Svåa
Auglandskleiva bru – Torridal
Postvegen – Kristiansand