Gamlebrua på Sandnes 26. mai 2023. Foto: Geir Daasvatn

«Gamlebrua» på Sandnes i Bygland

I området rundt Gamle Vikelid nord på Sandnes er det hogd mykje skog i det siste. Den gamle brua over Rossedalsbekken er framme i lyset igjen!

Sandnesingane kjenner godt til alt det den lokale skogen måtte skjule. Men for meg som synest det er så gøy å bli litt betre kjend rundt omkring i dalen, er slike nye oppdagingar høgdepunkt på turen.

Køyreveg 1890–1892

Den første køyrevegen frå Urdeviki gjennom Sandnes til Åraksbø er bygd 1890–1892, les eg i Bygland gard og ætt.

Den nye, asfalterte fylkesvegen (dagens veg) kom i 1978–1979. I mellomtida skjedde nokre utbetringar.

Nøyaktig kva tid denne fine brua blei bygd veit eg ikkje. Men ein gong etter 1890 og før 1979 har det vel vore. Ut frå byggemåten, med dei tørrmura brukara, er det truleg lenge før 1979.

Det finst ei teikning av ei gamal bru her, laga av Tor O. Sandnes. Der ser brudekket ut til å vere av tre. Kan det vere at den første brua, bygd rundt 1890, var ei trebru, og at tredekket så seinare er bytta ut med ei betongplate?

Kjelder

  • Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, Bygland kommune, 2009, s. 20–23

Rett i nærleiken

Fleire kulturminne

Auvervassåi gamle bru – Bykle
Hannås jernbanebru – Hornnes
Huldreheimen – Bykle
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Gamle setesdalsvegen – Hornskilneset
Mjølkerampa på Torsland
Nomeland kyrkjegard – Valle
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Riksveg 400 – Kvernhusmyra sør for Ærekilen
Gamle setesdalsvegen mellom Fossåna og Tromyr i Hægeland
Loftet på Nomeland Der oppe
Postvegen – Ose nord

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.