Gjetarhytta 12. mai 2018. Foto: Geir Daasvatn

Gjetarhytta på Bjåen

Gjetarhytta på Bjåen var i bruk i samband med tamreindrifta i Bykle.

Hytta – «Lappehytta» var ho kalla – vart reist på første halvdel av 1930-talet, etter om lag tre års drift i det nye selskapet (nr. 3) A/S Byklehei reinsamlag. Her budde dei siste reinsdyrgjetarane. Hytta er i sinklaft. «Det blei bestilt ei tømre av Byglandsfjord Dampsag og Høvleri», skriv Kjell Bitustøyl i boka si om tamreindrifta i Setesdalsheiane.

Hytta blei først sett opp i Breive, aust for gardsbruket Flaten. Tidleg på 1950-talet blei ho flytta til Bjåen. Ho står enno ved nordre enden av Breidvatn, på veg inn mot busetnaden på Bjåen.

Eit par lynraske stikkord om tamreindrifta

Det første selskapet som organserte tamreindrifta, A/S Breive reinsdyrsamlag (nr. 1), var skipa i 1903. I 1920 blei selskapet seld til utanbygds interessentar, som heldt fram med drifta i nytt selskap (nr. 2) med same namn. Det selskapet var i praksis konkurs rundt 1928. Eit nytt selskap, A/S Byklehei reinsamlag, med Knut O. Flaten som styreformann, blei etablert i 1930. Det siste laget var i drift heilt til tamreindrifta måtte avviklast i 1978. Eg har ikkje innsikt i historia, men ho er grundig og glimrande skildra i Kjell Bitustøyl si bok. Det er ei svært interessant bok om ein viktig del av den lokale historia øvst i Setesdal, som eg på det varmaste kan rå deg til å få tak i.

Kjelder

Hytta 14. desember 2022. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle