Dei gamle stogemurane i Haslebakken. Foto: Geir Daasvatn

Haslebakken – Ose

Haslebakken er ein av dei eldste husmannsplassane i Bygland.

Staden ligg mellom Frøysnes og Støylehommen, ved gardsgrensa mellom Frøysnes og Ose, om lag 100 meter opp i lia for Riksveg 9. Bak reiser Skjoldmøynuten seg bratt opp. Heddeneset ligg rett imot, på andre sida av Åraksfjorden. I dag er den gamle husmannsplassen attgrodd. Men då han var i bruk, var det godt rydda i lia nedanfor husa og mest heilt ned til fjorden. Dei som budde her hadde nok eit veldig fint utsyn utover fjorden.

Haslebakken under Ose bnr. 1 må ikkje forvekslast med Frøysnes-Haslebakken, som låg heilt nede ved fjorden men på Frøysnes sin grunn.

Rydda rundt 1750

Rydningsmannen var truleg Guttorm Olavson Gakkestad (f. ca. 1716, d. 1763). Han fekk husmannssetel på plassen i 1751, men kan ha vore her ei tid før dette. Han flytta frå staden etter kort tid, rundt 1753.

Etter Guttorm levde fleire familiar i Haslebakken. Eg skal ikkje gå i detaljar om dei her. Du kan lese mykje om dei i den framifrå gards- og ættesoga for Bygland, skrive av Reidar Vollen (bind III, 2005, s. 517–526).

Stykket held fram under biletet

Haslebakken. I dag ganske attgrodd. Men me kan ane at her har det vore folk som har dyrka jorda og strevd for utkomet. Midt i biletet er murane etter husmannsstoga. Foto: Geir Daasvatn

Spelemannen

I 1807 kom Tallak Haslebakken hit saman med kona Kristi. Tallak var ein vidgjeten spelemann, ein av dei mest kjende som har vore i Bygland. Han er omtalt som «ovspelemann» av Johannes Skar. Kona kom frå Fyresdal og var også svært musikalsk, skriv Reidar Vollen i gards- og ættsoga. «Kristi var framfor alle andre til å tulle og kvede», fortel Reidar Bolling i den gamle gards- og ættesoga for Bygland (1952, s. 115).

Tallak og Kristi var i Haslebakken med ein etter kvart stor barneflokk i åra 1807–1810 og 1826–1832. Ellers flytta han mykje rundt som bruksmann eller leiglending på ulike gardar i Bygland. Tallak døydde i 1834.

Etter at Tallak og Kristi flytta frå Haslebakken i 1832, skal det ikkje har vore folk her.

Dei som sette opp husmuren har gjort svært godt arbeid, fortel Reidar Vollen. I dag, meir enn 250 år seinare, er muren i mest like god stand som då han var ny.

Korleis finn du fram hit

Det går ein attgrodd traktorveg oppover i lia frå Riksveg 9 rundt 1 km sør for Støylen Camping. Det er ein liten plass til å parkere bilen i vegkanten her. Etter ca. 100 m skrått oppover kjem det ein skarp sving på traktorvegen. Der skal du gå ut i skogen til høgre. Etter få meter ser du dei gamle tuftene etter husmannsstoga. Plassen ligg som på ein liten avsats eller hylle i den ellers bratte fjellsida, med svære steinurer på mest alle kantar.

Kart over området

Fleire kulturminne

Gamlestog – Rygnestadtunet
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Håvorstad sagbruk – Åseral
Heddeviki – ein gamal husmannsplass
Skore – gamlevegen
Bygdeborga på Slottbakkfjell
Byvegen i Åseral – Krokstean
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida
Kanonstillinga på Bjones i Bykle