Dei som budde på garden Ørnefjell i Bykle bygde sjølve den fyrste brua over Otra.
Den gamle ridevegen mellom Bykle kyrkjebygd og Hovden («Ålmannvegen») gjekk på vestsida av Otra, og kom forbi Ørnefjell. Men frametter på 1900-talet vart det som kjend bygd veg på austsida av elva. Då blei det til at ørnefjøddane óg rodde eller vadde over Otra for å kome over på austsida til betre veg. Elva er grunn her. Når det var lita vassføring kunne dei difor vasse over. Elles var det nokre kulpar med rolege straumtilhøve som var greie å ro.
Bygde hengebru sjølve
Det var tungvint å vasse eller ro over elva. Ørnefjøddane bygde difor ei enkel bru over elva noko nordanfor der brua på Ørnefjellvegen ligg i dag. Brustaden er om lag 500 m oppover langs elva, ved Tykkås. Når brua blei bygd veit eg ikkje. Men det var vel ein eller annan gong på fyrste halvdel av 1900-talet, etter at den nye vegen på austsida var komen i bruk.
Det står nokre restar att av denne brua. Det er spennande å kikke rundt på brustaden, og fundere litt på korleis konstruksjonen var. Det som er att av brua tyder på at ho nok var temmeleg primitiv, og då helst ei hengebru for gåande og kanskje ridande folk.
Stykket held fram under biletet

Ny bru i 1965
Ny, solid betongbjelkebru blei bygd over Otra i 1965. Nybrua ligg som sagt ca. 500 meter sør for den gamle brustaden. Køyrevegen vidare frå brua opp til garden kom i 1972, men var ikkje heilt ferdig før i 1975, heiter det i Bykle kultursoge.
Kjelder
- Knut Gjerden, Bykle kultursoge, utgjeve av Bykle kommune, 1993, s. 157
- Reidar Tveito, Riksveg 9. Bruer og særtrekk langs vegen, eige forlag, 2014, s. 218
- Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 168
